Hopp til innhold

Film av «den største haien nokosinne» offentleggjort

«Den største haien nokosinne» vert ho kalla. Men på folkemunne heiter ho Deep Blue. Ei forskingsgruppe har no offentleggjort ein film av den enorme kvithaien.

Den store kvithaien er rekna å vere om lag 6 meter lang og 50 år gammal, ifølgje naturverngruppa Pelagios Kakunja.

Opptaka av haien som sym blant mindre fisk og merdar i lag med observatørar i 2013, sirkulerer no på nettet etter at den vart lagt ut på Facebook på måndag av direktøren for gruppa, Mauricio Hoyos Padilla.

Videoen, som ikkje enno er autensitert, er sett meir enn 2,5 millionar gonger, skriv CNN.

Haitenner

72 menneske vart angripne av haiar i fjor, ifølgje The International Shark Attack File.

Foto: TOM CAMPBELL / AP

– Haien var gravid

Forskarar trur at Deep Blue var gravid. For haiar sym nærare land for å føde ungane sine, noko forskarane som har observert haien trur ho har gjort, skriv dei i eit SlideShare-notat.

Haien vart oppdaga i nærleiken av Isla Guadalupe, utanfor kysten av Mexico, skriv Hoyos Padilla på Facebook. Gruppa Pelagios Kakunja held til i den meksikanske byen La Paz i Baja California Sur.

Videoen, med tittelen "Deep Blue (The biggest shark ever filmed) second part", kjem etter at det vart publisert bilete av den same haien som sym rundt eit dykkarbur i juni.

– Dykkarane måtte skubbe haien bort, den har ei stor rift på høgre side, sa Hoyos Padilla til Live Science i juni. Den var svært nær buret, som har spisse kantar. Haien var så stor at den ikkje kunne snu seg ordentleg, Så dykkaren forsøkte å skubbe den unna for at den ikkje skulle verte skadd.

Den filmen var tatt i 2014 i samband med ein dokumentar for Discovery Channel.