Hopp til innhold

Fillons talsmann trekkjer seg

Talsmannen til den franske presidentkandidaten François Fillon trekkjer seg. Samtidig skal partifelle Alain Juppé vere villig til å ta Fillons plass.

Francois Fillon

PRESSA: Presidentkandiat François Fillon syng nasjonalsongen under eit valkampmøte i Nimes torsdag. No seier anonyme kjelder at partifelle Alain Juppé er villig til å erstatte han.

Foto: Claude Paris / AP

Thierry Solère skriv på Twitter at han har bestemt seg for å gje seg som talsmann for Fillon. Han har ikkje kome med noko forklaring på korfor han trekkjer seg.

Laster Twitter-innhold
Alain Juppé

UTFORDRAR: Alain Juppé er borgarmeister i Bordeaux. Han har vore Frankrikes statsminister frå 1995 til 1997, og har hatt fleire ministerpostar i ulike konservative regjeringar.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Meldinga vart lagt ut fredag. Den kom kort tid etter at ei anonym kjelde i valkampanjen til Juppé varsla at Juppé er villig til å bli presidentkandidat for dei konservative.

Han har likevel sett visse vilkår, og krev mellom anna at Fillon må trekkje seg frivillig, og at både høgresida og sentrum må stille seg samla bak kandidaturet.

Nektar å gje seg

I haust forsøkte Juppé å bli presidentkandidat for partiet Republikanerane. Der vart han slått av Fillon, og sa den gong at han ikkje ønskte å vere noko plan B.

Fillon vart nyleg sikta for å ha misbrukt offentlege midlar. I fleire år har ektefellen Penelope fått utbetalt statleg løn som hans assistent, utan at paret har kunne dokumentere kva ho faktisk har gjort.

Tidlegare denne veka heldt Fillon ein pressekonferanse der han kunngjorde at han ikkje har tenkt å trekkje seg.

– Eg vil kjempe til siste slutt, for det er ikkje meg som person, men demokratiet som blir utfordra, sa Fillon i ei åtte minutt lang forsvarstale.

Mistar støtte blant sine eigne

Dette har fått fleire av støttespelarane hans til å reagere, og enkelte av dei har no trekt støtta.

Den kjende rådgjevarane hans, Bruno Le Maire, var ein av dei første som gjekk. Avisa Le Monde skriv at han skal ha vore svært tydeleg overfor sjefen sin.

– Dette går ikkje lenger, no må du trekkje deg, sa Le Maire, eit råd Fillon skal ha sett lite pris på, ifølgje avisa.

Fillon har òg ha mista visedirektøren for kampanjen sin, og fleire andre tilsette skal ha forlate kampanjen.

SISTE NYTT

Siste nytt