Hopp til innhold

Filippinsk våpenkvile underteikna i Oslo

Etter forhandlingar i Oslo dei siste dagane, er det semje om våpenkvile mellom den filippinske regjeringa og kommunistrørsla National Democratic Front of the Philippines (NDFP).

Underskriving av våpenkvileavtale for Filippinane i Oslo.

Børge Brende deltok då våpenkvileavtalen vart underskriven på Holmenkollen Park Hotel i dag.

Foto: Anja Strønen / NRK

Klokka 11 i føremiddag underteikna partane felleserklæring der begge partar forpliktar seg til våpenkvile utan tidsavgrensing. Dette skjedde på Holmenkollen Park Hotel i Oslo.

Konflikten mellom den filippinske regjeringa og NDFP har vart i over 45 år. Noreg har vore tilretteleggar for denne fredsprosessen sidan 2001. Den siste formelle forhandlingsrunden før samtalane i Oslo, var i 2011.

– Kompliserte spørsmål

Utanriksminister Børge Brende (H) deltok stades under signeringa.

- Dette er ei historisk og eineståande hending, sjølv om det ligg mykje arbeid framfor oss, sa forhandlingsleiaren for den filippinske regjeringa, fredsminister Jesus Dureza, etter at han hadde sett signaturen sin under avtalen.

Brende sa før dei siste forhandlingane starta i Oslo tidlegare denne veka at det var store og kompliserte spørsmål partane skulle forhandle om, og at ein ikkje måtte ha for store forventingar til raske resultat.

Den norske ambassadøren i Filippinane, Erik Førner, sa før forhandlingane at det var ein stor siger berre det å få partane tilbake til forhandlingsbordet . Han sa då at han var forsiktig optimist.

Personleg engasjement

Den ferske presidenten i Filippinane, Rodrigo Duterte, har vist eit sterkt personleg engasjement for fredsprosessen. Det har skapt at samtalane i Oslo skal leggje grunnlaget for ein varig fred i landet.

Før samtalane vart dei to toppleiarane i NDFP, Benito Tiamzon og kona hans Wilma, sette fri frå fengsel. Duterte har også late kommunistane peike ut fire nye medlemer av den nye regjeringa.

For ei veke sidan proklamerte Duterte ein einsidig våpenkvile i samband med fredsforhandlingane i Oslo, og geriljaen gjorde det same.

– Dutertes krig mot narkotika har kostet 1.800 liv

Løsepenger kan ha blitt betalt for Sekkingstad

Fredsforhandlinger om Filippinene.

Optimisme før forhandlingane starta. Børge Brende helsar på representantar for partane før samtalane kom i gang måndag.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

SISTE NYTT

Siste nytt