NRK Meny
Normal

Filippinenes forsvarssjef: – Sekkingstad er frigitt

Forsvarssjefen på Filippinene stadfestar at Kjartan Sekkingstad er lauslaten, etter snart eit år i fangenskap hos den militante islamistgruppa Abu Sayyaf. UD har foreløpig ikkje stadfesta dette.

Kjartan Sekkingstad

Nordmanne Kjartan Sekkingstad blei saman med tre andre bortført på Filippinane i september i fjor.

Foto: Privat

Den norske 56-åringen skal ha blitt lauslaten laurdag kl.16 lokal tid. det seier Filemon Tal, talsmann for West Mindanao Command (WESTMINCOM), til NRK. Kl.13.40 har også forsvarssjefen i landet stadfesta dette, ifølge NTB.

Han seier at dei første meldingane, blant anna i den filippinske avisa Philippine Star, om at han blei lauslaten laurdag kveld, ikkje stemmer. Han fortel vidare at Sekkingstad no er i provinshovudstaden i Sulu-provinsen, der han vil gjennomgå medisinske undersøkingar.

Ambassaden i Manila jobbar med saka

– Vi er kjend med oppslaga, men vi kan ikkje stadfeste dette, sa pressevakt i UD, Frode Andersen, til NRK tidlegare laurdag. Kl.12.40 kan dei framleis ikkje kan stadfeste meldingane.

Representantar frå ambassaden i Manila skal vere på plass for å møte Sekkingstad no, ifølge hærsjefen.

Sekkingstad er det siste attlevande gisselet i fangenskap blant dei fire som blei bortført i september i fjor. Det har tidlegare kome fleire motstridande meldingar om situasjonen til det norske gisselet.

NRK har vore i kontakt med Sekkingstads familie, som foreløpig ikkje ønsker å kommentere saka.

Snart eit år i fangenskap

Sekkingstad blei saman med kanadiarane John Ridsel og Robert Hall og Halls filippinske kjærast Marites Flor bortført frå ein resort på øya Samal utanfor Mindanao sør i Filippinene 22.september 2015.

Dei to kanadiarane John Ridsel og Robert Hall blei drepne i juni då kravet om løysepengar ikkje blei innfridd, medan Halls filippinske kjærast Marites Flor blei sleppt fri.

Det har vore antatt at han er på øya Jolo, saman med gislar frå Malaysia, Nederland og Filippinane. Den islamske separatistgruppa Moro National Liberation Front (MNLF) skal ha hjelpt til med å lauslate Sekkingstad.

Strid om løysepengar

I slutten av august hevda Filippinenes president Rodrigo Duterte at det var betalt løysepengar for Sekkingstad, men han sa ikkje kor mykje eller kven som skal ha betalt dette. Fleire kilder opplyser at det skal vere snakk om 30 millionar pesos (5,2 millionar norske kroner). Det opprinnelege kravet til gisseltakarane var 10 gonger større.

Utanriksminister Børge Brende har tidlegare sagt at det er uaktuelt å betale løysepengar til islamistane for å få Sekkingstad lauslaten.

Gisselsituasjonen blei teke opp då representantar frå Filippinske styresmakter nyleg var i Oslo for fredsforhandlingar med kommunistrørsla NDFP.

Ny president går hardt ut mot Abu Sayyaf

Filippinenes nyvalde president Rodrigo Duterte har bedt regjeringsstyrkane slå hardt ned på Abu Sayyaf, som tidlegare denne veka sverja truskap til IS.

Han sende i august ytterlegare 2500 soldatar til området der Sekkingstad skal ha blitt halde som gissel, og det har den siste tida vore harde kampar mellom regjeringsstyrkar og medlemmer av gruppa.

PHILIPPINES-US-DIPLOMACY-POLITICS-DUTERTE

Filippinenes nyvalde president, Rodrigo Duterte, på eit besøk i ein militærleir på Jolo førre månad. Han har fleire gonger uttalt seg i sterke ordelag om Abu Sayyaf, og har sett inn stor militær innsats mot den islamistiske gruppa.

Foto: STR / Afp

Det skal vere rundt 500 opprørarar i området.

Saka blir oppdatert

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt