Skjelvet, som hadde ein styrke på 6,8, hadde sitt episenter 70 kilometer nord for byen Dumaguete på øya Negros litt før klokka 12, lokal tid.
– Minst 29 omkom på grunn av jordskred, medan mange andre omkom som følgje av at bygningar kollapsa i landsbyen Guihulngan, seier oberst Francisco Patrimonio.
Omtrent fire timer seinare kom det to etterskjelv med ein styrke på høvesvis 6,2 og 6,0.
– Huset begynte å riste
Nordmannen Jan-Egil Granfoss befant seg i Lapu-Lapu City, ved Cebu da det første jordskjelvet braut ut.
– Eg låg og kvilte da heile huset plutseleg begynte å riste. Eg spratt opp og løp ut i gata. Det var mange som også hadde løpet ut i gatene, seier Granfoss til NRK.no.
Granfoss fortel at strømmen forsvann i fleire timer, og at det kom fleire etterskjelv som ikkje var like kraftige. Det har heldigvis roet seg ned no.
– Eg er omtrent seks timer unna episenteret. Det verkar veldig rolig ute i gatene nå, og det er ingen øydelagde bygningar her, seier Granfoss.
Høyrte rop om hjelp
Jordskjelvet førte også til eit jordskred i Solongon i byen La Libertad, som ligg på øya Negros. Fleire menneske skal vera innesperra i samanrasa bygningar der, men det er uklart kor mange.
– Me er i gang med å starta opp søk etter sakna menneske. Det er høyrt rop om hjelp frå ruinane, seier Eric Arrol Besario i politiet i La Libertad til Ap tidlegare i dag.
Tre viktige bruer i byen har fått skadar på grunn av jordskjelvet, og er stengde.
Tsunamisenteret på Hawaii meldte at det ikkje var fare for tsunami etter jordskjelvet. Filippinske styresmakter sendte likevel ut tsunamivarsel, men det er ikkje meldt om flodbølgjer som følgje av skjelvet.