Hopp til innhold

Fidel Castro viste seg offentleg for første gong sidan mars

Fidel Castro, revolusjonshelten som har styrt Cuba i over 50 år, viste seg i går offentleg for første gong på fleire månader på eit hotell i Havana.

Elias Jaua med bilete av seg og Fidel Castro.

Den tidlegare visepresidenten i Venezuela, Elias Jaua, viser fram eit bilete av det som skal vere han saman med Fidel Castro og fleire andre laurdag.

Foto: DESMOND BOYLAN / Reuters

Han var saman med ein prominent gjest frå Venezuela, seier tilsette ved Hotel Nacional, det mest vidgjetne hotellet på Cuba. Det var tidlegare visepresident Elias Jaua.

- Castro i fin form

Kvinne under ein grafitti med støtte til Fidel og Raul Castro.

'Fidel og Raul for alltid' heiter det på denne grafittien i Havana.

Foto: ENRIQUE DE LA OSA / Reuters

Jaua stadfestar at han møtte Castro på hotellet, og at «El Commandante», som Castro blir kalla, var i fin form. Han viste fram bilete av seg sjølv saman med Castro til journalistar.

Dei hotelltilsette seier også at Castro såg godt ut, og at han snakka med leiinga og dei tilsette i ein halvtime før han reiste frå hotellet.

Det har den siste tida gått sterke rykte om at Fidel Castro igjen er alvorleg sjuk, endåtil at han er døden nær.

Fidel Castro har overlate det meste av styringa av Cuba til broren Raul.

Nasjonalt tryggingsspørsmål

Direktøren ved Hotel Nacional, Yamila Fuster, seier til det amerikanske nyheitsbyrået Ap at ho sjølv ikkje var på jobb under besøket til Castro, men ho stadfestar at han var der og at han såg frisk ut.

Den cubanske regjeringa vil ikkje kommentere meldinga, men viser til hotellet for opplysningar. Den tidlegare presidenten si helse er rekna for å vere eit spørsmål knytt til nasjonal tryggleik i landet.

Sist han viste seg offentleg var i mars i år, då han tok mot Pave Benedikt XVI under hans besøk i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt