Hopp til innhold

Ferske bilete frå Fukushima

Nye flyfoto teke over det jordskjelvskadde kjernekraftverket syner omfanget av skadane.

300 japanske ingeniørar prøver framleis febrilsk å få kontroll over det jordskjelv- og tsunamiskadde kjernekraftverket Fukushima.

Verda fryktar at den største atomkatastrofen på 25 år skal skje om ingeniørane på Fukushima ikkje greier å få kontroll over kjernekraftverket.

Tre arbeidarar måtte i dag trekkje seg ut frå området, etter å ha blitt utsette for høge stråleverdiar i arbeid ved reaktor 3.

Radioaktivt vatn på foten

To av dei måtte på sjukehus med brannskadar etter å ha fått radioaktivt vatn over beina.

– Vi bør unngå utsetjingar så mykje vi kan, men vi må også sikre oss at folk som jobbar her blir tekne så godt vare på som råd, seier talsmann for japansk kjernekraft, Hidehiko Nishiyama til nyheitsbyrået Reuters.

Men sjølv om ingeniørane jobbar på spreng, kjem det stadig rapportar om at radioaktiviteten har spreidd seg til nye område.

I dag er det meldt om partiklar på Island, og dette stadfestar at Japan no opplever si verste atomkrise sidan andre verdskrig.

– Ignorerte alarmen

Eigaren av kraftverket, TEPCO, seier at arbeidarane hadde med seg nødvendig måleutstyr, men at dei valde å ignorere alarmen som gjekk.

– Dei jobbar i eit hardt arbeidsmiljø, seier talsmann Akira Suzui frå TEPCO.

Stort sett heile verda følgjer med på det som skjer ved Fukushima-kraftverket, og diskusjonen om tryggleiken ved kjernekraftverk har blussa opp på ny.

Japan har 55 kjernekraftverk som står for til saman 30 prosent av produksjonen av elektrisk kraft. Dette talet er venta å stige fram mot 2050.

Det er frykta at så mange som 28.000 menneske omkom i jordskjelvet og den påfølgjande tsunamien som råka Japan 11. mars.