HØR: Forlenget varetekt for 24-åring. Reporter: Kjell Pihlstrøm
Dette melder avisa Expressen. Forsvararen til 24-åringen kravde at han skulle setjast fri, men dette vart avvist av retten. Den mistenkte vart ført inn i rettslokalet med eit gult teppe over hovudet, som han fjerna seinare for å vise ansiktet sitt til retten.
Den drapsmistenkte 24-åringen er fengsla i nye to veker.
Grunn til mistanke
Etter i underkant av ein time med forhandlingar meddelte dommar Annalise Setthoff av 24-åringen framleis skal haldast i varetektsfengsel. - Det er framleis grunn til mistanke, sa dommaren.
Tiltalen mot 24-åringen skal vere klar seinast 23. oktober.
Advokaten hans, Peter Althin, ville av omsyn til teieplikta ikkje seie noko om kva bevis politiet har mot klienten hans. - Eg vil ikkje seie noko om dette, men det var tydeligvis nok til vidare fengsling, sa Althin til Expressen etter fengslinga.
Ved 11-tida hadde Althin ikkje avgjort om han skal anke avgjerda om vidare fengsling. Dette blir truleg ikkje avgjort før i løpet av helga. Han stadfesta at det blir nye avhøyr av 24-åringen i morgon. Den fengsla 24-åringen nektar framleis for at han har noko med drapet å gjere.
Utan livvakt
Avisa Aftonbladet skriv i dag at fire veker etter drapet på Anna Lindh har berre tre av 22 ministrar i den svenske regjeringa livvakt. Avisa har fylgt alle ministrane i ei veke, og funne ut av berre tre har livvakt.
Dei har ofte kome til arbeidsplassen åleine, og har reist heim åleine. Også når dei har gått gjennom Stockholm eller gått kveldsturar i området der dei bur har dei vore åleine, skriv avisa.
Den svenske regjeringa har dei siste vekene kjøpt inn fleire skotsikre bilar som skal brukast når det er særskilde grunnar til det.
Justisminister Thomas Bodstrøm seier i ein kommentar at det er sett i verk fleire tiltak for å styrkje tryggleiken rundt regjeringa etter drapet på Anna Lindh.