Hopp til innhold

Fengsel på livstid for Omar Bakri

Den ytterleggåande imamen Omar Bakri Mohammad, som vart utvist frå Storbritannia i 2005, vart i dag dømd til fengsel på livstid i Libanon.

Omar Bakri heimen sin i Tripoli 12. november 2010.

- Eg er ikkje skuldig etter tiltalen, seier Omar Bakri Mohammad.

Foto: STR / Ap

Omar Bakri Mohammad

Omar Bakri Mohammad er dømd til fengsel på livstid i Libanon.

Foto: Hussein Malla / Ap

Omar Bakri er fødd inn i ein rik familie i Syria i 1958, men han er i dag libanesisk statsborgar. Han vart dømd av ein militærdomstol, men var ikkje sjølv til stades i retten. Han er heller ikkje pågripen.

LES OGSÅ: Omar Bakri løslatt i Libanon

LES OGSÅ: - Omar Bakri Mohammed til Libanon

- Ikkje Al Qaida

Han har no fått 15 dagar på seg til å anke dommen, og det er uklart om det er planar om å arrestere han. Han snakka med presse frå heimen sin i bydelen Abi Samra i Tripoli i det nordlege Libanon i dag, og han avviste alle skuldingane.

- Eg kjem ikkje til å opphalde meg ein einaste dag i fengsel, sa han til nyheitsbyrået AFP.- Eg aksepterer ikkje rettsvesenet korkje i Storbritannia eller i Libanon, la han til.

Han gjordet det samstundes klart at han ikkje har noko med Al Qaida-nettverket å gjere, korkje direkte eller indirekte, sjølv om han vedgjekk å tru på den same ideologien.

Omar Bakri var sikta for å ha arbeidd for å destabilere den lilbanesiske staten saman med 22 andre libanesarar, palestinarar, syrarar og saudiarabarar, alle ekstreme sunnimuslimar.

LES OGSÅ: Han varslet terrorangrepene

LES OGSÅ: Ti terrormistenkte tatt

Finsbury Park-moskeen

Fredagsbøn utanfor Finsbury Park-moskeen i London

Omar Bakri var aktiv i Fisnbury Park-moskeen i London.

Foto: TOBY MELVILLE / REUTERS

Det var som islamsk skriftlærd i London at Omar Bakri vart internasjonalt kjend. Her var han ein sentral figur i det radikale miljøet rundt moskeen Finsbury Park i mange år, og britiske styresmakter vart merksam på han etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Han kalla dei som gjennomførde sjølvmordsangrepa for muslimske heltar.

Då gjekk Bakri ut og gav si støtte til dei som stod terrorangrepa mot London i juli 2005, fekk britane nok. Under ei utanlandsreise same året fekk han beskjed om at han ikkje fekk kome tilbake til Storbritannia.

Han har også sagt at tidlegare britisk statsminister John Major og Russlands noverande statsminister og tidlegare president Vladimir Putin er legitime angrepsmål.

LES OGSÅ: Varslar terrorangrep mot London

LES OGSÅ: 13 pst støttar Al Qaida

Har to koner

Etter angrepa i 2005 sa han blant anna at dei einaste som kunne lastast for angrepa, var den britiske regjeringa og det britiske folket

Utvisinga gjaldt ikkje for kona og dei sju borna hans, som framleis bur i Storbritannia. Han har også ei libanesisk kone, og ho ventar no Omar Bakri Mohammad sitt åttande barn.

Han har sagt at han aldri vil reise tilbake til Storbritannia, på grunn av det han kallar den djevelske politikken til regjeringa i landet.

Rettssaka mot Omar Bakri og dei 22 andre islamistane har samband med kampane mellom islamistiske grupper og den libanesiske hæren i ein flyktningleir i det nordlege Libanon i 2007.

SISTE NYTT

Siste nytt