Hopp til innhold

Fengsel og stokkeslag for denne tagginga

Ni månader i fengsel og tre slag med eit spanskrøyr er straffa to tyske menn har fått i Singapore. Ugjerninga var å tagge ned ei t-banevogn inne på privat område.

SINGAPORE-GERMANY-CRIME-VANDALISM

Det var denne t-banevogna som dei to unge mennene tagga ned, og som gjorde til at dei fekk ni månader i fengsel og tre stokkeslag som straff.

Foto: THE STRAITS TIMES / Afp

Singapore Germany Caning

Elton Hinz vart i dag dømd til stokkeslag og fengsel for hærverk i Singapore.

Foto: Ooi Boon Keong / Ap
Singapore Germany Caning

Saman med Hinz vart også Andreas von Knorre dømd til fengsel og stokkelag.

Foto: Ooi Boon Keong / Ap

Andreas von Knorre og Elton Hinz frå Leipzig i Tyskland fekk i dag dommen for å ha tagga på ei t-banevogn.

– Mørkaste dagen i livet mitt

Dei fekk begge ni månader bak murane, og får tre stokkeslag for hærverket. Ugjerninga fann stad i Singapore, og det er ein domstol der i landet som har gitt dei to straffa.

– Dette er den mørkaste dagen i livet mitt. Eg vil seie unnskyld til Singapore for denne dumme handlinga. Eg har lært mi lekse, og kjem aldri til å gjere dette igjen, sa 22 år gamle Andreas von Knorre då han vart tiltalt.

Også Hinz ber om unnskyldning både til Singapore, men også sin familie for den situasjonen dei alle har hamna i.

SJÅ NRK URIX SI SPESIALSENDING OM SINGAPORE, SENDT ONSDAG 4. MARS:

Singapore - økonomisk fritt og politisk ufritt. Aktualitetsmagasin fra NRKs utenriksredaksjon. Programleder er Hege Moe Eriksen.

Singapore – økonomisk fritt og politisk ufritt.

Malaysia kjent for reine gater

Det var i november i fjor at dei to tyske ungdommane tok seg inn på privat område og spraya ned ei t-banevogn. Prislappen for hærverket er sett til 78.000 kroner.

Dei to mennene flykta til nabolandet Malaysia, men vart raskt spora opp gjennom ein internasjonal klappjakt på gjerningsmennene.

Singapore er kjent for å ha reine gater og nulltoleranse for lovbrot. Tilbake i 1994 vekka det stor merksemd då ein amerikansk tenåring fekk stokkeslag etter å ha skada bilar og offentleg eigedom.

Den strenge straffa har blitt kritisert av ulike menneskerettsgrupper, mellom anna Human Rights Watch.

– Den skamfulle bruken av tortur, slik som stokkeslag, som Singapore sitt juridiske system bruker til å straffe mindre alvorleg kriminalitet, er ei openberr ignorering av standardane for internasjonale menneskerettar, seier Phil Robertson i Asia-avdelinga til Human Rights Watch.

Lite støtte frå Tyskland

Singapore har lenge nytta seg av stokkeslag som straffemetode. Straffa vert sett ut i live ved at personen vert avkledd, bunden til ein tresokkel og deretter utsett for slag. Ein lege er til stades for å bryte inn om naudsynt. Folk som tidlegare har blitt utsett stokkeslag kallar smertene for uuthaldelege.

Frå sitt eige heimland har det vore lite hjelp å hente for dei to mennene. Det tyske utanriksdepartementet seier dei respekterer Singapores suverenitet, men at dei stiller seg kritiske seg all form for fysisk straff.

Det skal også styresmaktene i Singapore ha blitt informert om opplyser det tyske utanriksdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt