NRK Meny
Normal

Femdobbelt sjølvmordsangrep i Irak

Fem eller seks sjølvmordsbombarar gjekk i lufta i sentrum av Bagdad i dag. Dei tok med seg tolv menneske i døden.

Røyken stig opp frå Rusafa-komplekset etter angrepet.

Røyken stig opp frå Rusafa-komplekset etter sjølvmordsaksjonane.

Foto: AMMAR KARIM / Afp

Dette er det første større angrepet i den irakiske hovudstaden sidan USA kunngjorde at dei hadde trekt kampstyrkane sine tilbake frå landet.

Dei koordinerte sjølvmordsaksjonane fann stad i føremiddag ved porten til militærkommandoen Rusafa, som vart ramma av eit større angrep for tre veker sidan. Då vart minst 59 menenske drepne.

Ein talsmann for irakiske styresmakter seier at sjølvmordsaksjonistane kom til åstaden i ein minibuss. Dei hadde sprengstoffvestar og riftler. Ein gjekk ut. Tryggingsstyrkane skaut på han, og mannen eksploderte.

Video Femdobbelt sjølvmordsangrep i Irak

NETT-TV: Fem selvmordsbombere slo til mot den irakiske hovedstaden.

To andre flykta til ein nabobygning, og like etterpå eksploderte minibussen med dei gjenverande terroristane inni, seier ein offisiell talsmann. Dei to som i første omgang greidde å stikke av gjekk i lufta etter ei skotveksling med politiet.

Eksplosjonen gjorde stor skade på minst ein bygning i området.

Det er både politifolk og sivile blant dei drepne. 36 menneske vart såra i angepet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt