Hopp til innhold

Femåring droppa bursdag – fekk faktura

Fem år gamle Alex velte å halde ein avtale med besteforeldra sine, og kom difor ikkje i klassekameratens bursdag. Nokre dagar etter kom han heim med ein faktura på 180 kroner i sekken.

Faktura - Alex Nash

Derek Nas, far til fem år gamle Alex, vart overraska då sonen kom heim med ein faktura for «no-show» i ein barnebursdag.

Foto: BBC

Faktura

Fakturaen på 15,95 pund var velgjort, og ikkje noko ein femåring vanlegvis får.

Foto: BBC

Ein ordentleg faktura, på 15 pund og 95 pence, var det som venta fem år gamle Alex Nash frå Cornwall i Sør-England, etter at han droppa å møte opp i ein bursdag, og heller ikkje melde frå om at han ikkje kom. Det er BBC som først omtalte historia.

Foreldra har no fått beskjed om at saka kan hamne i ein lokal rett for småsaker om dei ikkje betaler fakturaen. Det meiner Alex sin far er urimeleg.

– Eg kan forstå at ho er opprørt fordi ho har tapt pengar, men pengane er ikkje det sentrale her. Det er måten ho har prøvd å få pengane frå meg som er saka her, seier Derek Nash.

Foreldra til Alex hadde først takka ja til å kome i bursdagen som fann stad i ein innandørs alpinbakke rett før jul. Men då dei forstod at sonen var dobbeltbooka og hadde ein avtale med besteforeldra sine, falt valet på å halde avtalen med dei eldre, og droppe bursdagen.

Alex Nash

Alex Nash hamna i midten av ein ufrivillig klinsj, då han var med besteforeldra sine, i staden for å gå i bursdag.

Foto: BBC

Foreldra til Alex seier dei ikkje hadde noko kontaktinformasjon til bursdagsarrangøren, småbarnsmor Julie Lawrence, slik at dei kunne gi beskjed til ho.

Det nektar derimot Lawrence for, som i ein kort kommentar til BBC seier at alle kontaktdetaljar stod på invitasjonen.

No kan altså den kjipe saka og faktura nummer 1432 hamne i ein lokal rettssal, sidan far Nash nektar å betale for sonens bursdagsskulking.

SISTE NYTT

Siste nytt