Hopp til innhold
Urix forklarer

Fem spørsmål og svar om Trumps nye atomvåpenpolitikk

Verda har blitt ein farlegare stad, meiner Trump-administrasjonen, som har bestilt ei ny vurdering av atomvåpenarsenalet.

Kim og trump

NYE TRUSLAR: Trump-administrasjonen kjem i dag med nye vurderingar om korleis ein skal innrette atomvåpenarsenalet.

Foto: Bwag / WIKI COMMONS

Berre sju dagar etter innsettinga beodra Trump pentagon til å legge fram ein ny atomvåpenstrategi gjennom «Nuclear posture review».

I dag kjem rapporten, og den teiknar eit mørkt bilde av ei meir og meir farleg verd. Den anbefalar også å gjere nokre ganske så store endringar i den amerikanske atomvåpenpolitikken, som til dømes å utvikle fleire taktiske atomvåpen med mindre sprengkraft.

Kritikarane fryktar at dette vil senke terskelen for bruk av atomvåpen, som til dømes i den tilspissa konflikten med Nord-Korea.

5 spørsmål og svar om den nye strategien

1. Kor vanleg er det at ein amerikansk president ber om ei ny vurdering av atomvåpenpolitikken?

Det er ikkje påkrevd, men meir og meir vanleg. George W. Bush ba om ein slik rapport, det same gjorde Barack Obama. den blir kalla «Nuclear posture review».

2. Kva anbefalar rapporten denne gang?

Huffington post har fått tak i eit utkast, og det gjev ein solid innblikk i korleis Trump-administrasjonen ser på atomvåpen.

Her kjem det fram at dei ynskjer å utvikle ein atomrakett med mindre sprengkraft, som ein kan skyte ut frå ein u-båt. Eit sokalla taktisk atomvåpen.

3. Kva kan USA gjere med eit slikt våpen, som dei allereie ikkje kan gjere med det eksisterande atomvåpenarsenalet?

Trump-administrasjonen hevdar at verda har blitt ein farlegare plass. Russland har byrja utplassere mellomdistanserakettar som truar allierte i NATO.

Nord-Korea har gjort store framskritt med sitt atomvåpenprogram dei siste åra, og Kina moderniserer sitt, så Trump-administrasjonen meiner dei treng fleire kjernefysiske alternativ, dersom det skulle kome til open konflikt og ein bli nøydde til å slå tilbake militært.

4. Vil ein bli meir freista til å nytte atomvåpen viss ein har fleire atomvåpen-alternativ?

Det kan ein, men på den andre sida har USA noko «like stort» å slå tilbake med viss nokon angrip dei med ein liten atomrakett.

Ein hevdar at til dømes atomkryssarrakettar eller bombefly med «stealth» teknologi gjev den amerikanske presidenten til å svare meir nyansert på eit atomangrep, enn det å svare med dei gigantiske interkontinentale missilane som sit i siloar i Midtvesten.

Kritikarane, blant dei Hillary Clinton, meiner taktiske atomvåpen er kan føre til farlege situasjonar, fordi terskelen for å bruke dei er lavare.

5. Kva kan vi lære av denne rapporten?

Det nye er at Trump-administrasjonen ser på verda som ein mykje farlegare stad enn det Barack Obama gjorde i sin rapport i 2010.

Og dei meiner at det å ha nye og mindre atomvåpen dei kan bruke, vil bidra til å trygge USA.

Og der er både politikarar og ekspertar i USA usamde.

SISTE NYTT

Siste nytt