Det skulle vere ei roleg 1. mai-markering i Seattle, men politiet måtte ta i bruk peparspray for å halde tilbake ei svartkledd folkemengde som kasta stein, murstein, faklar og brannbomber mot politiet.
Samanstøyten med politi og antikapitalistar oppstod etter at det tidlegare på dagen blei gjennomført eit fredeleg demonstrasjonstog for rettane til arbeidarar og immigrantar.
Sende til sjukehus
Ein av politimennene fekk ei flengje i hovudet etter at han blei treft av ein stein. Ein annan blei treft av ein Molotov-cocktail, medan ein tredje vart biten. To vart sende til sjukehus.
Ordføraren i Seattle, Ed Murray, takka politiet for deira arbeid.
– Det er uheldig og djupt beklageleg at i ein by der våre demokratiske rettar og ytringsfridom står høgt, er det nokon som overser våre verdiar og tyr til meiningslause valdshandlingar.
Det er ikkje fyrste gong det blir opprør i Seattle desse fyrste maidagane. Og ifølgje CNN hadde politiet planlagt for at det kunne oppstå opptøyar.
– Vi måtte handle, sa politisjef Kathleen O'Toole på ein pressekonferanse i etterkant.
The Seattle Times møtte politisjefen på sjukehuset der ho besøkte dei politifolka som blei såra.
Uro fleire stader
Også fleire andre stader i verda oppstod det uro i samband med 1. mai-markeringane. For å stoppe gatekampar i Paris brukte opprørspolitiet vasskanonar og tåregass. Minst ti personar vart arrestert og to lettare skada.
Tyrkisk politi måtte også ta i bruk tåregass og vasskanonar, ifølgje Reuters. Over 200 blei fengsla etter at det braut ut slagsmål under demonstrasjonen. Demonstrantane ville inn på Taksim-plassen, der 1. mai-markering var forbode.