Angrepet på helsearbeidarane skjedde 35 kilometer vest for Kandahar, som tidlegare var hovudkvarter for det styrta Taliban-regimet. Taliban har framleis sterk støtte i området, og det blier stadig meldt om angrep både på sivile og militære.
Ved sidan av dei fem drepne vart tre andre hjelpearbeidarar skadde, opplyser ein talsmann for hjelpeorganisasjonen Afghan Health Service. Organisasjonen er uavhengig av afghanske styresmakter.
Gruppa på åtte hjelpearbeidarar var på veg til ein flyktningleir i området.
Angrepet skjedde medan USAs utanriksminister Condoleezza Rice var i hovudstaden Kabul for å møte president Hamid Karzai.
Kort tid før ho kom til Kabul vart det skote fire rakettar mot sentrum av Kabul, og to vakter ved residensen til den kanadiske ambassadøren vart skadde.
I går kveld vart seks afghanske politifolk drepne i eit bakhaldsangrep i Uruzgan-regionen. Styresmaktene seier at opprørarar frå Taliban stod bak også desse drapa.
Ein soldat inspiserer skadene etter eit rakettangrep i Kabul i dag tidleg. (Foto: AP/Scanpix)