Ei gruppe væpna menn storma eit treningssenter for politistudentar i byen Quetta i Pakistan mandag kveld norsk tid.
Minst 59 politikadettar ved skulen er drepne, melder den pakistanske tv-kanalen Geo News.
Over 100 personar er såra, og 250 politistudentar er sett fri.
Dei væpna mennene gjekk inn i bustadavdelinga til politiakademiet, og det skal ha vore mellom 500 og 700 kadettar inne i bygningen.
Lokale nyheitsmedium melder om minst fem angriparar, ifølgje den pakistanske avisa
.Augevitne fortel at angriparane var utstyrte med sjølvmordsbelte.
Pakistanske tryggingsstyrkar omringa bygningen, og alle sjukehus i byen fekk ordre om å innføre full beredskap.
– Terrorangrep
Ifølgje politisjef Sanaullah Zehri fekk dei lokale styresmaktene i førre veke informasjon om eit mogleg angrep, og tryggingstiltaka var skjerpa etter det.
– Eg følgjer sjølv med på situasjonen. Våre styrkar har tatt seg inn på området, og snart blir terroristane eliminerte, sa Zehri tidlegare måndag kveld.
Det er uklart kva gruppe angriparane høyrer til.
Det blei meldt om skyting inne på området til politiakademiet, og augevitne har også fortalt om minst tre kraftige eksplosjonar.
Gjennom hovudinngangen
Angrepet starta ved 23.30-tida lokal tid, klokka 20.30 norsk tid. Angriparane tok seg inn gjennom hovudinngangen til politiakademiet i Saryab Road i utkanten av byen.
Quetta har fleire gonger tidlegare vore utsett for alvorlege terrorangrep, seinast i august i år då 70 menneske vart drepne i eit
.