NRK Meny
Normal

Fem drepne då politi skaut mot politi

Fem ukrainske politifolk vart drepne av sine eigne ved eit mistak, då dei skulle arresterte innbrotstjuvar i den vesle byen Knyazychy utanfor Kiev i natt.

Politi-tragedie i Ukraina.

Området er skyte-tragedien fann stad er sperra av.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

Då to ulike politiavdelingar byrja å skyte på kvarandre, greidde innbrotstjuvane å stikke av.

Det lokale politiet hadde identifisert det som blir kalla «ein farleg gjeng med innbrotstjuvar» var i ferd med å gjennomføre eit innbrot i ein bygning i byen. To etterforskarar i sivil heldt auge med inntrengarane, medan ei gruppe med væpna politifolk gjorde seg klare til å aksjonere.

Misforståing

Så var det at ein innbrotsalarm gjekk av i nabobygget, og det fekk ei gruppe frå det statlege politiet, ein politistyrke som har som spesialoppgåve å verne eigedomar, til rykkje ut. Desse arresterte først dei to sivile politifolka.

Politi-tragedie i Ukraina.

Skyte-tragedien i Knyazychy har gjort sterk inntrykk både i og utanfor politistyrken.

Foto: SERGEI SUPINSKY / Afp

Dei væpna politimennene frå spesialstyrken trudde at det var innbrotstjuvane som hadde teke dei to sivilkledde politimennene til fange, og dei opna eld.

Det viste seg å vere utrykkingseininga frå det statlege politiet dei skaut mot. Det kom til ei kraftig skotveksling mellom dei to grupperingane, og fem politifolk vart drepne. Blant dei drepne var dei to sivilkledde, to frå det statlege politiet og ein frå den andre gruppa politifolk.

Etterforsking

Dei tre innbrotstjuvane greidde å stikke av i kaoset, men dei vart seinare arresterte på veg tilbake til Kiev.

President Petro Porosjenko har gitt ordre om full etterforsking av det som har skjedd.

– Årsaka til denne smertefulle tragedien må etterforskast og dei skuldige må få si straff, seier presidenten i ei fråsegn.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt