Det var 50 passasjerar om bord i toget, som var på veg frå Kislovodsk til Mineralnye Vody i Stavropol-regionen, eit område som grensar opp mot den krigsherja republikken Tsjetsjenia.
Etterforskarar frå russisk politi starta raskt med undersøkingar av toget. (AP-foto)
- Det var plassert to bomber i skinnegangen, og dei eksploderte under ei av dei seks passasjervognene i toget, opplyser ein talsmann for det russiske innanriksdepartementet.
NRKs korrespondent i Russland, Arne Egil Tønseth, opplyser at ingen førebels har teke på seg skulda for bombeeksplosjonen. Det blir spekulert i om det kan vere tsjetsjenske separatistar som står bak. Desse har den siste tida har intensivert sine aksjonar i samband med det føreståande presidentvalet i Tsjetsjenia.
Det er snakk om to heimelaga bomber. Nyheitsbyrået Interfax melder at fleire av vognene tok fyr, og at så mange som 29 menneske vart sende til sjukehus med skadar.
Itar-Tass melder at politiet har arrestert ein alvorleg skadd mann, som prøvde å stikke av frå åstaden etter eksplosjonen. Politiet trur dette er mannen som kan ha utløyst bombene, men gjer det klart at etterforskinga held fram.
Politiske observatørar i Russland trur opprørarane i Tsjetsjenia meir og meir prøver å gå over til å bruke sjølvmordsaksjonar i kampen mot russarane.