Irakiske barn samler seg rundt en amerikansk soldat som holder vakt etter en bombeeksplosjon i Bagdad i formiddag. (Foto: Reuters-Scanpix)
Ein politimann undersøkjer staden der bomba eksploderte. (Foto: AP-Reuters)
Ein talsmann for den amerikanske hæren stadfestar at ein amerikansk soldat vart drepen i bombeangrepet mot ein amerikansk bilkolonne i sentrum av bydelen Nye Bagdad. Bomba eksploderte mellom første og andre bilen i kolonna, seier han.
Tre irakarar som oppheldt seg på ein marknadsplass i gata utanfor ein moske vart også drepne i eksplosjonen, medan 16 irakarar vart skadde. Det blir også meldt om to andre bombeeksplosjonar i nærleiken av amerikanske soldatar i Bagdad i dag tidleg, men det er ikkje meldt om skadde i nokon av dei.
190 amerikanske soldatar er drepne i Irak etter at president George W. Bush sa at dei alvorlege kamphandlingane i landet var over 1. mai. Fleire hundre irakarar har også mist livet i angrep som har vore retta mot dei amerikanske okkupasjonsstyrkane.
Kaptein i det irakiske politiet, Sami Hadi, seier at bomba som eksploderte i Nye Bagdad i dag var plassert i vegkanten og utløyst ved hjelp av fjernkontroll. Det oppheldt seg mange menneske på marknadsplassen utanfor ein av dei mest populære moskeane i bydelen.