Fem arresterte i antiterror-raid

Britisk antiterror-politi har arrestert minst fem personar i ein aksjon i Manchester-området og i London i dag tidleg.

Plolitiet aksjonerte mot fleire adresser i Manchester og Bolton.

Politiet har aksjonert mot fleire adresser i Manchester og Bolton.

Foto: Phil Noble / Scanpix/Reuters

Dei fem vart pågripne i ein samordna aksjon i fleire ulike bydelar i Manchester, i nabobyen Bolton og ved Hetahrow flyplass utanfor London. Det er gjennomført husransakingar på fleire andresser i området, opplyser politiet.

Assisterande politisjef for Greater Manchester Police , Dave Thompson, opplyser at dei arresterte er 21,26, 27. 52 og 62 år gamle. Fire av dei er pågripne i Manchester og Bolton, medan den femte vart teken på eit hotell nær Heathrow flyplass utanfor London.

LES OGSÅ: Britisk terrorsak smuldret bort

LES OGSÅ: Britisk terrorsak smuldret bort

Han seier at pågripingane er resultatet av ei etterforsksing som har halde på ei stund, og som vil halde fram vidare.

I april i år gjennoførde politiet i den nordvestlege delen av England ein større antiterror-aksjon, som statsminister Gordon Brown på eit tidleg tidspunkt sa hadde avverja svært alvorlege terrorplanar.

12 personar vart arresterte i denne saka, men alle vart seinare sette fri utan at det vart reist tiltale.

I ein tale seinare i dag er det venta at Gordon Brown vil ta opp blant anna Al Qaida si rolle i Storbritannia i dag.

Nyheitsbyrået Reuters har sett ei utskrift av talen han skal halde i kveld, og her gjer Brown det klart at Al Qaida driv med storstild rekruttering av britiske statsborgarar.

Han meiner dette gjer at det er viktig for Storbritannia å delta i krigen i Afghanistan og støtte Pakistan i kampen mot Taliban.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt