Hopp til innhold

Fekk pengar av våpenhandlar

Canadas tidlegare statsminister Brian Mulroney har fått 1,2 millionar frå ein tysk våpenhandlar, og risikerer no straffeforfølging.

Tidlegare statsminister i Canada Brian Mulroney
Foto: CHRIS WATTIE / REUTERS

Den tidlegare statsministeren vedgjekk torsdag at han hadde teke imot pengar frå den tyske våpenhandlaren Karlheinz Schreiber. Pengane skulle vere betaling for lobbyverksemd på vegne av den tyske våpenprodusenten Thyssen Industries.

Pengane vart overlevert under fleire møter på hotellrom, og skal seinare ha vorte plassert i hemmelege bankboksar og i leilegheita Mulroney eig i New York. Dei vart aldri meldt inn for skattemyndigheitene.

Vedgår tabbe

Mulroney vedgjekk feil då han forklara seg for ein parlamentarisk granskingskomite torsdag.

- Når eg ser tilbake på dette i dag, innser eg at det var ei feilvurdering å ta i mot betaling i kontantar for dette oppdraget, sjølv om det ikkje var ulovleg å gjere dette.

Brian Mulroney

Han seier at han fekk den fyrste konvoutten med kontantar fyrst ein månad etter at han hadde gått av som statsminister. Schreiber hevdar noko anna. Då våpenhandlaren folklarte seg for granskarane tidlegare i veka, sa han at avtalen vart inngått to dagar før Mulroney gjekk av som statsminister. 

Vert det slått fast at Mulroney inngjekk avtale med den tyske våpenhandlaren mens han framleis sat i statsministerstolen, risikerer han straffeforfølging.

Mulroney var statsminister i Canada frå 1984 til 1993.

(NTB)

SISTE NYTT

Siste nytt