Hopp til innhold

Fekk panikk og hoppa frå bru

Ein amatørvideo frå Kairo viser desperate demonstrantar som hoppar ut frå ei bru, etter at det braut ut panikk oppe på brua.

Amatørvideo postet på internett hevdes å vise Morsi-tilhengere som hopper ned fra en bro i Kairo – for å komme seg unna skyting. På bildene, som oppgis å være fra i dag, bruker demonstranter en vaier for å komme seg ned.

VIDEO: Hopper desperat ned frå bru i amatørvideo

Brua ligg på vegen til Ramsesplassen i sentrum av Kairo, målet for fleire tusen menneske som i dag demonstrerte mot den hæren og den nye regjeringa i landet.

Det som utløyste dramatikken på brua var truleg skyting. Folkemengda kom i rørsle og mange fekk panikk. Det gjorde at fleire prøvde å kome seg ned frå brua og ned på gata seks-sju meter under ved hjelp av ein stålvaier.

Minst 70 menneske er drepne i uroa i Egypt i dag, og dei som organiserer demonstrasjonane har varsla at dei vil halde daglege demonstrasjonar heilt til Mohamed Morsi blir gjeninnsett som president.

Mohamed Morsi vart avsett av hæren 3. juli i år, og dette har ført til den mest alvorlege uroa i Egypt på mange år. Den islamistiske organisasjonen Morsi er medlem av, Den muslimske brorskapen, nektar å godta avsetjinga, og lovar å halde fram demonstrasjonane heilt til dei har vunne fram.

LES OGSÅ: Den muslimske brorskapen lovar nye demonstrasjonar kvar dag

LES OGSÅ: – Støtten er det siste USA har igjen

LES OGSÅ: Forsøker å redde skadde med bomull og bandasjer i Kairo

LES OGSÅ. Fredagsbønnen er over og demonstrantene marsjerer mot soldatene

SISTE NYTT

Siste nytt