Egyptisk styresmakter skal ha fått varsel om angrep i Sharm el-Sheik fire dagar før. (Scanpix-foto)
Kjelder i den egyptiske tryggingstenesta seier at åtvaringa om eit mogleg terrorangrep førte til at politiet i badebyen vart sett i auka beredskap som følgje av informasjonen.
Kjeldene avviser rykte om at ekstra tryggingstiltak berre vart sette i verk rundt eit casino, og at åtvaringa om eit mogleg angrep kom fire månader før dei eigentleg skjedde.
Angrepet kom natt til 23. juli på den egyptiske nasjonaldagen. Styresmaktene seier no at minst 67 menneske vart drepne i terroraaksjonen, og av dei 16 utlendingar. Sjukehus-tilsette seier at 88 menneske miste livet.
Egyptisk politi har funne levningane av ein person dei trur er ein av sjølvmordsbmbarane i Sharm el-Sheik. Det er teke DNA-prøver av fleire familiar dei mistenkjer for å vere i slekt med dei som utførte terrorangrepet.