Hopp til innhold

Fekk 17 millioner kroner i ein plastpose

Romanias finansminister gjekk av etter det kom fram han hadde teke i mot pengar i ein plastpose på ein kyrkjegard.

ROMANIA-CORRUPTION-FINMIN Romania'S Finance Minister Valcov talks with journalists in front of the headquarters of Romania's corruption-fighting agency in Bucharest

Romanias finansminister, Darius Dalcov, etter han kunngjorde sin avgang. Han er skulda for å ha teke i mot 17 millioner kroner i kontantar på ein kyrkjegard.

Foto: STRINGER / Reuters

«Smøringa» skjedde då finansminister Darius Valcov var borgarmeister av byen Slatina i Sør-Romania. Han skulle restaurere vatn og avløpssystemet for Olt fylke, og kravde prosentar frå det firmaet som fekk oppdraget.

Møttest på kyrkjegarden med plastpose full av pengar

Ifølgje tiltalen skal Valvcov ha møtt forretningsmannen på ein kyrkjegard og fått pengane overlevert i ein plastpose. Det skal vere snakk om 10 million RON, omlag 17 millionar norske kroner. Staden var vald for å unngå å bli oppdaga av korrupsjonsjegerar.

Trass den pinlege avsløringa, støtta den sosialdemokratiske statsministeren Victor Ponta finansministeren sin. Men presset vart for stort då den konservative presidenten Klaus Iohannis gjekk ut og sa at finansministeren undergravde tilliten til regjeringa. No har finansministeren levert avskjedssøknaden sin, men han held fast på at skuldingane er grunnlause.

President Iohannis har lova å rydde opp

I haust fekk Romania president, den etnisk tyske Klaus Iohannis. Kandidaten til dei borgarlege partia. Han vann valet på lovnadar om å rydde opp i korrupsjonen som hadde fått blomstre under Ponta sitt regime.

GERMANY-POLITICS/ Romanian President Iohannis and German Chancellor Merkel leave after news conference in Berlin

Den etnisk tyske presidenten Klaus Iohannis har eit godt forhold til Angela Merkel.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Det var store anti-Ponta demonstrasjonar under valet, spesielt blant dei mange rumenarane som bur i utlandet.

Mange profilerte politikarar sikta for korrupsjon

Dei siste månadane har mange profilerte politikarar og mektige forretningsmenn blitt melde for korrupsjon. Blant dei mest profilerte "fiskane" er tidlegare minister og presidentkandidat Elena Udrea, og nære slektningar til statsministeren. Arrestasjonar som hadde vore heilt utenkelege for eit halvt år sidan.

Romania har eit dårleg rykte i EU når det gjeld korrupsjon. Men antikorrupsjonsinnsatsen til presidenten er på til å endre dette. Til neste år er det val på ny regjering og nasjonalforsamling. Mange trur Victor Pontas politiske karriere vil ende da.

SISTE NYTT

Siste nytt