Hopp til innhold

Fekk nytt ansikt frå donor

Etter ei ulukke vart ansiktet til pasienten øydelagt. Men etter at elleve kirurgar og 20 sjukepleiarar arbeidde i 21 timar, har pasienten fått eit heilt nytt ansikt.

Donasjon av ansikt

ENDRA: Pasienten er den første i Norden som har fått nytt ansikt takka vere 11 legar og 20 sjukepleiarar i Helsingfors. Her er animasjon av korleis pasienten vart endra.

Foto: HNS/Heidi Kuivaniemi-Smith,MSc Forensic Art, og Lydia Carline, MSc i Human Anatomy og Forensic kunst

Dette er den aller første transplantasjonen av ansikt i Norden, det var legar i Helsingfors- og Nylands sjukehusdistrikt HNS som utførte operasjonen.

Det er gjennomført 35 slike operasjonar tidlegare i verda, og ein person døydde etter infeksjonar etter ein slik operasjon, skriv svenska.yle.fi.

Klarer ikkje ete sjølv enno

– Ein ansiktsoperasjon reddar ikkje liv, og vi må vurdere om pasienten er klar for ein slik

Patrik Lassus

OPERERTE: 21 timar brukte kirurg Patrik Lassus og hans team på å operere pasienten sitt ansikt.

Foto: svenska.yle.fi

operasjon, og om behovet for transplantasjonen er stort nok, seier plastikkirurg Patrik Lassus, som leia operasjonen gjennom dei 21 timane pasienten låg på operasjonsbordet.

Pasienten vil ikkje stå fram offentleg med si historie, og difor er det enno uvisst om det er ei kvinne eller ein mann som no har fått nytt ansikt.

– Det må vi respektere, seier Lassus til avisa.

Pasienten vil no gå gjennom ei rehabilitering på to år.

– Pasienten vert halden under oppsikt enno. Det er førebels ikkje mogleg for pasienten å ete sjølv, seier Lassus.

isabelle dinoir

ENDRING: Hunden til Isabelle Dinoire beit av ho ansiktet. No lever Dinoire med eit nytt ansikt, donert av ein donor.

Foto: HO / REUTERS

Fleire klare til operasjon

Donoren og pasienten som har fått nytt ansikt, liknar ikkje på kvarandre, fortel Lassus.

– Eg vil audmjukt takke donoren og familien. Det må ha vore ein tung prosess for dei, seier han.

Allereie no er det ein pasient som snart er klar for ein liknande operasjon. Seks pasientar til er undersøkte for transplantasjon.

– Det er vanskeleg å seie når det vert fleire operasjonar, men det kjem truleg til å bli ein til, seier kirurgen til avisa.

Den aller første ansiktstransplantasjonen i verda skjedde i 2006, då Isabelle Dinoire fekk nytt ansikt.

– Det som har vore det vanskelegaste er å finne meg sjølv igjen, som personen eg var, med ansiktet eg hadde, før ulukka. Men no veit eg at det ikkje er mogleg, sa 45-åringen til BBC då.

Hunden beit av ansiktet til eigaren

Animasjon av verdens første hele ansiktstransplantasjon

VERDAS FØRSTE: Her er animasjon av verdas aller første ansiktstransplantasjon. I Sverige arbeidde 11 legar i 21 timar for å gje ein pasient eit nytt ansikt. Det er den første operasjonen av slik art i Norden.

Foto: Vall d'Hebron Hospital

Ho fekk øydelagt ansiktet sitt då ho i 2005 tok ein overdose med sovetablettar i eit forsøk på å ta livet sitt. Men pillene fungerte ikkje slik ho hadde tenkt, og ho vakna heime i huset sitt, i ein blodpøl, og med familien sin labrador.

Hunden fann ho medvitslaus, og hadde truleg prøvd å vekke henne, og beit vekk store deler av ansiktet hennar.

– Eg kunne ikkje førestille meg at det var mitt ansikt, mitt blod, eller at hunden hadde bite vekk ansiktet mitt, sa ho etter hendinga.

Før dette hadde forskarar klart å transplantere øyre – og hovudbotn, men Dinoire var den første som fekk eit heilt ansikt på ny.

Sjå korleis kirurgane byggjer opp att ansikt her:

Video Første hele ansiktstransplantasjon - før og etter

SISTE NYTT

Siste nytt