Styresmaktene i Bagdad har erklært at folkeavstemminga er ulovleg, og det irakiske parlamentet vedtok måndag å be statsminister Haider al-Abadi sende soldatar til det kurdiske området i nord. Og den tyrkiske presidenten, Recep Tayyip Erdogan, truar med å sende soldatar over grensa.
Trass i hard motstand, blei folkeavstemminga gjennomført som planlagt, og alt gjekk roleg for seg. Politiet fryktar likevel uro, og måndag kveld blei det innført portforbod i delar av byen Kirkuk.
Eit kurdisk ektepar viser fram dei farga fingrane sine etter at dei har stemt i valet i Kurdistan.
Foto: Khalid Mohammed / APFryktar uro
Kirkuk er ein oljerik by med fleire etniske grupper. Turkmenske og arabiske innbyggjarar har reagert kraftig på at dei lokale styresmaktene bestemte at Kirkuk skulle delta i folkeavstemminga.
Kirkuk har i utgangspunktet ikkje vore ein del av dei kurdiske provinsane, men kurdarane ser likevel på Kirkuk som ein del av sine område.
- Les også:
Nabolanda Tyrkia, Iran og Syria er redde for at folkeavstemminga skal utløyse liknande krav om sjølvstende i eigne område der det bur kurdarar. FN og USA fryktar at det som no skjer kan føre til ustabilitet i regionen.
Presidenten i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan truar med å setje ein stoppar for oljeeksporten frå Kurdistan.
Foto: Mark Lennihan / APTruar med å skru av oljekranen
I ein tale i Ankara måndag, trua president Erdogan dei irakiske kurdarane med å stanse oljeeksporten. Kurdarane eksporterer store mengder olje, men den einaste oljerøyrleidningen går gjennom Tyrkia.
Spørsmålet rundt 5,5 millionar kurdarar tok stilling til, er:
«Vil du at Kurdistan og dei kurdiske områda utanfor regionen skal bli ein sjølvstendig stat?»
Ifølgje kurdisk TV var frammøteprosenten på 78. Det endelege resultatet kjem truleg i løpet av 72 timar. Det er venta eit klart fleirtal for sjølvstende. Men avstemminga er ikkje bindande.
Kurdarar i Libanon samla seg i Beirut søndag for å vise støtte til folkeavstemminga i Irak.
Foto: Hassan Ammar / AP