Hopp til innhold

Ventar i uvissa på nytt om familien i Tacloban

Filippinske Fe Magnolia Adizas er på to vekers ferie i Oslo. Ho veit ikkje korleis det har gått med mannen og dei to døtrene i heimbyen Tacloban, ein by der 80 prosent av bygningane er øydelagde.

Ventar spent framfor fjernsynet.

Fe Magnolia Adizas (t.h.) saman med slektningar i Oslo følgjer ho katastrofen i heimlandet på fjernsynet.

Foto: Marit Gjellan / NRK

NRK møter den filippinske kvinna heime hos slektningar i Oslo. Ho er sterkt uroleg for korleis det har gått med hennar kjære. Tele- og Internettsambandet i byen er øydelagde. Det er umogleg å nå fram til dei på telefon eller Facebook, så ho kan berre håpe at dei har greidd seg.

– Har grete mykje

Fe Magnolia Adizas på ferie i Oslo.

Fe Magnolia Adizas håper familien heime i Tacloban har overlevd naturkatastrofen i heimbyen Tacloban.

Foto: Marit Gjellan / NRK

– I kveld har eg vore i den katolske kyrkja. Eg har grete mykje når eg har sett bilete og video av øydeleggingane i Tacloban. På den andre sida så er eg her på ferie. Slektningar og vener tek godt vare på meg. Eg kjenner meg heldig som har dei rundt meg, seier ho stille.

Saman følgjer dei med på nyheitssendingane på BBC og filippinsk fjernsyn. Det er tungt å sjå dei forferdelege bileta frå heimbyen, men ho har god støtte frå dei ho er på besøk hos.

Ho fortel at mannen og dei to yngste døtrene var i Tacloban då tyfonen ramma så hardt sist fredag. Dei to jentene går på ein vidaregåande skule i byen. Den tredje dottera studerer i hovudstaden Manila, så ho veit at ho er trygg.

– Berre ein tyfon, mamma

– Eg snakka med døtrene mine på Facebook og gav dei nokre råd om kva dei skulle gjere før tyfonen ramma. Men dei venta ikkje at han skulle vere så sterk. Dottera mi sa: Det er berre ein tyfon mamma, ikkje eit jordskjelv, seier Fe Magnolia Adizas.

No klyngjar ho seg til håpet om at familien har greidd seg. Ho reiser tilbake til Filippinane førstkomande laurdag, men veit ikkje heilt korleis ho skal kome seg frå hovudstaden Manila til Tacloban. Flytrafikken til byen er innstilt. Ho reknar med at ho må ta eit innanlandsfly til Sebu, og så hurtigbåt derfrå.

Store øydeleggingar i Tacloban.

Øydeleggingane i Tacloban er enorme, særleg i områda nærmast kysten.

Foto: Toti Navales / Ap
Øydleggingar i Tacloban.

Øydeleggingane i Tacloban frå ein annan vinkel.

Foto: Toti Navales / Ap

Fe Magnolia Adizas jobbar i ein bank i sentrum av Tacloban, men ho veit ikkje kor mykje som er att av arbeidsplassen. Heile området der banken ligg er sterkt øydelagt av tyfonen og flodbølgja som fylgde etter.

LES OGSÅ: På vei til kriseramma område

LES OGSÅ: Tsunami-ødeleggelser etter tyfonen Haiyan

Flodbølgje på 5–6 meter

– Ei flodbølgje på mellom fem og seks meter slo innover sentrum, og eg har sett på fjernsynsbileta at ho gjorde stor skade både i sentrum og dei kystnære områda av byen.

Det er meldt om omfattande plyndring og kaotiske tilstandar i Tacloban etter at katastrofen ramma. President Benigno Aquino kunngjorde søndag at han vurderer å innføre unntakstilstand for å stanse plyndringa, og han har gitt ordre om å sende 300 soldatar og politifolk til byen.

Det er frykt for at så mange som 10.000 menneske har mist livet i provinsen Leyte, der Tacloban er provinshovudstad. Det bur 220.000 menneske i byen.

Torild Skogsholm

– Det er stort behov for hjelp, seier Torild Skogsholm i hjelpeorganisasjonen CARE.

Foto: Greg Rodland Buick / Care

Også andre stader kjem det rapportar om enorme øydeleggingar, der heile lokalsamfunn er jamna med jorda.

LES OGSÅ: Kurt har ikke fått livstegn fra datteren og kona

LES OGSÅ: Mistet kontakten med kona på Filippinene

To mill. treng akutt mathjelp

Det gjeld store delar av Leyte, Sør-Leyte, Samar og Aust-Samar er framleis avskorne frå omverda og utan tilgang på mat, vatn og husly, opplyser generalsekretær Torild Skogsholm i hjelpeorganisasjonen CARE til NTB.

FNs matvareprogram (WFP) reknar med at rundt to millionar menneske treng akutt mathjelp. Øydelagde vegar gjer at det er vanskeleg å få inn naudhjelp, og det vil truleg ta fleire dagar å få reparert dei viktigaste vegane.

I alt er rundt 4,5 millionar menneske ramma av herjingane til tyfonen, og rundt 1,7 millionar born bur i områda som er hardast ramma.

LES OGSÅ: – Ble så lykkelig da hun endelig ringte meg

LES OGSÅ: Noreg sender kommunikasjonsutstyr til katastrofeområdet

'

SISTE NYTT

Siste nytt