Tema for høyringa er både Russlands hacking under det amerikanske valet, Trump-medarbeideres påståtte band til Russland og den påståtte avlyttinga av Trump Tower.
Skulle FBI-sjefen avvise at det har skjedd avlytting av Trump, kan det bli pinleg for presidenten, som fleire gangar har nekta å ta tilbake påstanden han kom med på Twitter 4. mars, skriv CNN.
Skal granske russisk hacking
I tillegg til avlyttingspåstanden til Trump, vil etteretningskomiteen i Representanthuset granske påstandane om russiske hackarar var med å påverke presidentvalet.
Søndag kveld uttalte leiaren for etterretningskomiteen, Devin Nunes, at det ikkje finst bevis for at staben til Trump hadde noko hemmeleg samarbeid med Russland fram mot valet.
FBI og NSA sjefane skal bli grilla
Høyringa byrjar i dag med FBI-direktør James Comey og NSA-sjef Mike Rodgers.
«National Security Agency» er dei som driv med signaletteretning i USA.
Det blir første gang de vil måtte svare på spørsmål om de påståtte banda mellom fleire av Trumps nære medarbeidarar og russisk etterretning og myndigheiter.
Begge kammer skal granske
I januar skulda FBI Russland for å hacking av Demokratenes nasjonalkomite, og antyda at formålet var å hjelpe Trump med å vinne valet.
Skuldingane utløyste ei gransking i Kongressen, og etterretningskomiteane i begge kammer undersøkjer saka. Både 20. og 28. mars skal saka opp til høyring på Capitol Hill.
For at ein president skal kunne setje i verk ei avlytting, må det liggje føre ein hemmeleg rettsordre.
– Heksejakt
Russland har avvist skuldingane og kallar det ei heksejakt.
Dei får støtte av den amerikanske historikaren Thomas Frank.
Han meiner at demokratane overdriv spionasjeskuldingane, for å forklare kvifor dei tapte presidentvalet.
– Demokratane er overtydde om at dei gjorde ingenting feil. I USA vil dei skulde på Russland. Russiske spionar stal alt frå oss!
Han understrekar at ingen veit kva som eigentleg har skjedd, men at lekkasje av e-postane til Hillary Clinton gjennom Wikileaks, ikkje var nok til å endre valresultatet.
– Sjølvsagt ikkje, Trump sine skandalar var mykje større, mykje større, du kan ikkje samanlikne e-post skandalen med noko av det Trump gjorde.