Innan midnatt skulle Hellas ha betalt tilbake eit låneavdrag til Det internasjonale pengefondet (IMF) som tilsvarar rundt 13 milliardar norske kroner. Som venta, betalte ikkje Hellas dette avdraget.
Dermed vil landet heller ikkje kunne ta imot den siste delen av kriselånet. Den noverande avtalen om krisehjelp gjekk nemleg ut samtidig med låneforfallet.
– Vi har informert hovudstyret om at Hellas er i restanse og berre kan få IMF-finansiering når den er oppheva, seier IMFs talsmann Gerry Rice.
Kan få ny frist
Seint i går kveld gjorde greske styresmakter fleire mislukka forsøk på å få i stand nye avtalar i siste liten. Til slutt bad dei IMF om betalingsutsetjing til november. IMF svarte i natt at styret for fondet vil vurdere dette.
- Sjå også:
- Sjå også:
IMF sitt regelverk opnar for utsetjing, men det har skjedd berre to gonger tidlegare. To langt fattigare land, Nicaragua og Guyana, fekk begge utsetjing i 1982.
Den manglande betalinga er den største i IMFs historie, og ifølgje Reuters er Hellas det første i-landet som har vore på etterskot med ei betaling til fondet.
Nye møte
Dei største kreditorane Hellas har, er EU, Det internasjonale pengefondet (IMF) og Den europeiske sentralbanken (ESB).
I løpet av dagen skal finansministrane i EU og Den europeiske sentralbanken ha møte for å diskutere situasjonen. Også den tyske nasjonalforsamlinga skal debattere situasjonen i Hellas.
- Sjå også:
Det greske folket er delt i synet på krisa. Dei to siste dagane har tusenvis av menneske demonstrert – både til støtte for, og i protest mot regjeringa. Demonstrasjonane har gått fredeleg for seg. Men folk på begge sider er sinte og ikkje minst redde for kva som blir utfallet av den som skjer no.
Pensjonistane får ta ut pengar
Bankane er stengde til over helga, men folk kan ta ut maksimum 60 euro per dag frå minibankane. Men frå i dag og ut veka skal 1000 bankar halde ope for å sikre at pensjonistar som ikkje kan bruke minibankautomatar får pengane sine. Kvar pensjonist vil kunne ta ut 120 euro av banken i løpet av veka.
Søndag skal Hellas har folkerøysting om låneavtalen.