Hopp til innhold

Fastlåst i Hellas

ATEN (NRK): Situasjonen er fastlåst etter at Hellas ikkje betalte låneavdraget til Det internasjonale pengefondet innan fristen ved midnatt. I dag blir det nye møte for å prøve å finne ein veg ut av krisa.

En stor mengde greske pensjonister utenfor en bank i Aten
Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Innan midnatt skulle Hellas ha betalt tilbake eit låneavdrag til Det internasjonale pengefondet (IMF) som tilsvarar rundt 13 milliardar norske kroner. Som venta, betalte ikkje Hellas dette avdraget.

Den greske statsministeren Alexis Tsipras taler

Statsminister Alexis Tsipras og den greske regjeringa makta ikkje å betale låneavdraget til Det internasjonale pengefondet innan fristen ved midnatt.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

Dermed vil landet heller ikkje kunne ta imot den siste delen av kriselånet. Den noverande avtalen om krisehjelp gjekk nemleg ut samtidig med låneforfallet.

– Vi har informert hovudstyret om at Hellas er i restanse og berre kan få IMF-finansiering når den er oppheva, seier IMFs talsmann Gerry Rice.

Kan få ny frist

Seint i går kveld gjorde greske styresmakter fleire mislukka forsøk på å få i stand nye avtalar i siste liten. Til slutt bad dei IMF om betalingsutsetjing til november. IMF svarte i natt at styret for fondet vil vurdere dette.

IMF sitt regelverk opnar for utsetjing, men det har skjedd berre to gonger tidlegare. To langt fattigare land, Nicaragua og Guyana, fekk begge utsetjing i 1982.

Den manglande betalinga er den største i IMFs historie, og ifølgje Reuters er Hellas det første i-landet som har vore på etterskot med ei betaling til fondet.

Nye møte

Dei største kreditorane Hellas har, er EU, Det internasjonale pengefondet (IMF) og Den europeiske sentralbanken (ESB).

I løpet av dagen skal finansministrane i EU og Den europeiske sentralbanken ha møte for å diskutere situasjonen. Også den tyske nasjonalforsamlinga skal debattere situasjonen i Hellas.

Stor demonstrasjon i Aten.

Minst 12.000 menneske deltok i demonstrasjonen i Aten tysdag kveld, opplyser politiet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Det greske folket er delt i synet på krisa. Dei to siste dagane har tusenvis av menneske demonstrert – både til støtte for, og i protest mot regjeringa. Demonstrasjonane har gått fredeleg for seg. Men folk på begge sider er sinte og ikkje minst redde for kva som blir utfallet av den som skjer no.

Pensjonistane får ta ut pengar

Bankane er stengde til over helga, men folk kan ta ut maksimum 60 euro per dag frå minibankane. Men frå i dag og ut veka skal 1000 bankar halde ope for å sikre at pensjonistar som ikkje kan bruke minibankautomatar får pengane sine. Kvar pensjonist vil kunne ta ut 120 euro av banken i løpet av veka.

Søndag skal Hellas har folkerøysting om låneavtalen.

SISTE NYTT

Siste nytt