Faren for regjeringskrise avblåst – no skal Tyskland byggje asylleirar på grensa

Regjeringspartnarane i Tyskland skal ifølgje tysk presse ha blitt samde om å opprette transittsoner for asylsøkjarar på grensa mot Austerrike.

Germany Government

AVVERJA KRISE: Forbundskanslar Angela Merkel og innanriksminister Horst Seehofer.

Foto: Markus Schreiber / AP

Leiaren for partiet CSU, Horst Seehofer har trua med å forlate regjeringa dersom forbundskanslar Angela Merkel og partiet hennar, CDU, ikkje skjerpar asylpolitikken. Men no er det klart at han vil fortsette i regjeringa som innanriksminister.

Det stadfester han i kveld etter møte med Merkel. Dermed blir det ikkje regjeringskrise.

CSU har kravd at asylsøkjarar som har registrert seg i andre EU-land, skal stansast på grensa. Merkel er motstandar av dette, og ønsker ei felleseuropeisk løysing.

Måndag ettermiddag møttest dei to til samtalar.

Skal byggje lukka transittleirar

– Vi har komme fram til semje etter svært intense forhandlingar, seier Seehofer etter møtet.

I leirane eller «transittsonene» som no skal opprettast på grensa mot Austerrike, skal asylsøkjarane sitte medan søknadene deira blir hurtighandsama. Dersom dei får avslag, skal der sendast attende der dei kom frå så fort som mogeleg.

German Government

TRUA MED KRISE: Innanriksminister Horst Seehofer og partiet han leier, CSU, kunne ha velta den tyske regjeringa.

Foto: Sven Hoppe / AP

Vann fram med krava

Seehofer seier at kompromisset vil hindre ulovleg innvandring over grensa mellom Tyskland og Austerrike.

Han har tidlegare kravd at Tyskland skal avvise asylsøkjarar som allereie er registrert i andre land, på grensa umiddelbart.

Angela Merkel sa at dei to har komme fram til eit svært godt kompromiss.

– Det vil bli oppretta nye transittmottak for asylsøkjarar som er registrerte i andre land, på grensa mellom Tyskland og Austerrike. Migrantar som oppheld seg der, skal sendast tilbake til landa dei var i tidlegare, seier ho.

Merkel

TUNGT: Forbundskanslar Angela Merkel slit med å halde regjeringa saman.

Foto: John Macdougall / AFP

Avstanden mellom dei to såg stor ut for nokre dagar sidan, og Seehofer sto hardt på sitt. Dei var samde om 62 av 63 punkt på Seehofer sin kravliste, og no er altså det 63. punktet og avklart.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt