Hopp til innhold

Opphevar våpenkvila i Colombia

Etter at colombianske regjeringsstyrker tok livet av 26 Farc-medlemmer torsdag, annonserer geriljaen at dei opphevar våpenkvila som tok til i desember.

Fredsforhandlingar på Cuba

OPPHEVAR VÅPENKVILA: Ivan Marquez, sjefsforhandlar for Farc, med Farc-delegatane Maritza Sanchez og Pastor Alape ved si side, i Havana, Cuba.

Foto: Desmond Boylan / Ap

– Det var ikkje i planane våre å oppheve den unilaterale og uavgrensa våpenkvila vi gjekk inn for 20. desember 2014 (...) men etter fem månader med bakke- og luftangrep mot våre strukturar rundt om i landet ser vi oss nøydde til det, skriv Farc-delegasjonen til fredsforhandlingane på nettsida si.

Dette kjem dagen etter at den colombianske hæren bomba ein Farc-leir i den sørvestlege Cauca-regionen i Colombia. President Juan Manuel Santos har stadfesta angrepet, og kallar det ei «legitim handling». Det var først snakk om 18 døde, men ifølge Santos er det er snakk om 26.

– Dette er rebellane som står bak angrepet på politifolka våre på Gorgona-øya i fjor haust, fortel Santos på ein pressekonferanse.

For ein månad sidan skjedde ytterlegare eit angrep, der 11 politimenn vart drepne, og den colombianske regjeringa skal då ha gitt ordre om å ta opp att bombeangrep mot den venstreorienterte geriljaen, ifølge BBC.

COLOMBIA-REBELS/ People move the bodies of soldiers killed by FARC, in Santander de Quilichao, Cauca

ANGREP PÅ SOLDATAR: Farc stod bak eit angrep på hæren

Foto: JAIME SALDARRIAGA / Reuters

Forhandlar på Cuba

Dei to sidene har vore i fredsforhandlingar sidan 2012, med Noreg som forhandlingsleiarar. Møta har vorte halde på Cuba, og det er berre eit par dagar sidan dei tok dei fatt på ei ny forhandlingsrunde. Frå starten har partane hatt som prinsipp om at det som skjer på slagmarka ikkje skal påverke det som skjer rundt forhandlingsbordet.

Geriljaen skriv vidare på nettsidene sine at trass i at dei kjenner seg svikne er dei villige til å halde fram med fredsforhandlingane, og håpar på ei tosidig våpenkvile. Det same seier president Santos.

– Offensiven vil halde fram til fred er oppretta, eg håpar dette vil skje så snart som mogleg. Vi vil slå hardt ned på alle former for kriminalitet innanfor landets grenser, vi senkar ikkje garden, seier Santos.

Kriging mellom dei to partane har pågått i over 50 år, og 200.000 menneskeliv har gått tapt i konflikten.

SISTE NYTT

Siste nytt