Hopp til innhold

– Ikkje start ein krig på grunn av sonen min

Faren til den sakna tyrkiske piloten i Syria åtvarar mot å gå til krig på sonens vegner.

Tyrkisk militærkjøretøy med rakettvåpen om bord på vei til den syriske grensen

Et tyrkisk militærkjøretøy med rakettvåpen på lasteplanet, er på vei mot den syriske grensen torsdag.

Foto: STRINGER/TURKEY / Reuters

Gökhan Ertan er ein av dei to pilotane som er sakna etter at syriske styrker skaut ned eit tyrkisk jagarfly før helga. No står faren hans, Ali Erton, fram i tyrkisk media for å åtvare om å gå til krig på vegner av sonen.

– Tyrkia er ikkje eit land som går til krig fordi eit anna land drep ein av våre pilotar, sa han til den tyrkiske TV-kanalen Samanyolu i går.

– Det er ikkje passande for eit land å gå til krig over så lite som ein pilot eller eit fly.

Erton sa at han er klar over at det er sannsynleg at sonen døydde då flyet han styrte blei skoten ned. Likevel åtvarar han Tyrkia om å overreagere.

– Det viktigste er at sonen min tente landet sitt. Eg er ein truande mann og eg trur martyrar aldri døyr.

Osman Aksoy er faren til den andre piloten, og seier han prata med sonen sin tre dagr før flyet styrta. Han har framleis eit håp om at sonen er i live.

– Me følgjer utviklinga på fjernsynet. Me håpar framleis på at han er i live.

(artikkelen held fram under biletet)

En tyrkisk F-4

Eit tyrkisk F-4-jagerfly forsvant i Middelhavet fredag. Både Tyrkia og Syria stadfestar at flyet vart skoten ned.

Foto: BURHAN OZBILICI / AP

Har funne hjelm og støvlar

Det er framleis eit mysterium kva som har skjedd med pilotane. Tyrkiske styresmakter opplyser at dei har funne hjelmane til pilotane ved flyvraket. Ingen fallskjermar har blitt funne, men støvlane til pilotane vart funne nokre dagar tidlegare, opplyser den tyrkiske statsministeren, Tayyip Erdogan.

Han seier det er uklart om pilotane har klart å skyte seg ut av flyet før det styrta.

Men sjølv om dei skulle ha klart å skyte seg ut, er det lite sannsynleg at dei har klart å overleve. Flyet som styrta er ein gammal, men ekstremt rask flytype, som er kapabel til å bryte lydmuren to gongar.

Å bli skutt ut av eit fly i ein slik hastigheit kan føre til at hjelmar og støvlar blir rivne av pilotane, skriv ABC News. Søket etter pilotane held likevel fram.

Full usemje

Det er full usemje mellom tyrkiske og syriske styresmakter om kva som skjedde i forkant av flystyrten. Tyrkia seier flyet vart skoten ned av laser eller ein varmesøkjande rakett då det flaug i internasjonalt luftrom. Men Syria seier dei skaut ned flyet då det befant seg i syrisk luftrom i ein høgde på berre 100 meter.

Tyrkia vart ein av Syria-leiar Assad sine sterkaste motstandarer då sistnemnde responderte med vald mot demonstrantar som tok til gatene for å ytre eit ønske om meir demokrati i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt