Får reisa til Russland utan visum

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) har saman med sin russiske kollega underteikna ein avtale om grensebuar­bevis for lokalbefolkninga i nord.

Grensebuaravtalen vert underskriven

Grensebuaravtalen som vart underskriven av Russland sin utanriksminister Sergej Lavrov og Jonas Gahr Støre i Oslo tysdag, gjev 45.000 innbyggjarar på russisk side og 9000 på norsk side lov til å kryssa grensa utan visum.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Avtalen gjeld for den lokale busetnaden på begge sider av den 19 mil lange norsk-russiske grensa.

Avtalen medfører at folk som bur inntil 30 kilometer frå grensa, kan få eit bevis som gjer det mogleg å reisa over grensa utan visum.

Den bilaterale avtalen vart underteikna av Støre og den russiske utanriks­ministeren Sergej Lavrov i Oslo tysdag.
 

SISTE NYTT

Siste nytt