Hopp til innhold

Får lov til å reisa for første gong på 50 år

Frå og med i dag er det ikkje lenger berre legeutdanna cubanarar som får reisa til Venezuela i byte mot billig olje. For første gong sidan revolusjonen kan den gjengse cubanar reisa ut av sitt eige land.

Cuba lettar på utreise-forbodet

Ei cubansk kvinne viser fram det nye passet sitt etter å ha stått i ein lang passkontor-kø i Havanna. For første gong på over 50 år kan cubanarar no forlata heimlandet sitt utan å måtte søkje om lov.

Foto: ENRIQUE DE LA OSA / Reuters

– Om eg har reist? Ja, jøss! Eg har vore i Mexico, Brasil, Barcelona..

Den magre, eldre mannen framfor meg i den sedvanleg lange minibankkøen flirar breitt av sin eigen spøk i den sterke karibiske sola.

«Habaneroen» refererer ikkje til land og byar, men til gatenamn i heimbyen - den cubanske hovudstaden.

Få av post-revolusjonens cubanarar har nemleg sett sine føter utanfor fødelandet.

I over 50 år har migrasjonslova til Castro-regimet heldt innbyggjarane fengsla i sitt eige land, eit faktum som dei også gjerne vitsar om.

Men frå og med i dag blir mange av desse utreise-stengslane til omverda fjerna - iallefall i teorien.

«Kvitt kort» skal bort

Måndag trer nemleg den kanskje mest etterlengta av president Raúl Castro sine reformar i kraft - den reviderte migrasjonslova.

Reformen er den siste av fleire etter at president Raúl Castro tok over makta i 2008 etter sin fem år eldre bror Fidel.

Cubanarar skal dermed få høve til å dra utanlands utan ein langdryg og kostbar søknadsprosess i forkant. Dei siste dagane har det vore lange køar utanfor pass-kontora i Havanna.

Migrasjonslova er er no strippa for to krav som særleg har hindra utreise: invitasjonsbrevet frå utlandet, og ikkje minst det forhatte «la carta blanca» - det kvite kortet eller rett og slett utreiseløyvet.

I tillegg blir grensa for kor lenge ein kan vera utanlands, utan å mista statsborgarskap, hus og eigedom, utvida frå 11 månader til to år.

Føremålet med reformen er ifølgje den cubanske staten å gjera det lettare for vanlege borgarar å komma og gå, og å normalisera forholdet mellom cubanske emigrantar og heimlandet deira.

– Endringane er ikkje kosmetiske, dei er relle og djuptgåande, sa ein statleg representant då styresmaktene offentleggjorde dei komande endringane for tre månader sidan.

Lange køar utanfor pass-kontora i Havanna

Køane har vore lange utanfor pass-kontora fleire dagar før utreise-reformen tredde i kraft.

Foto: ENRIQUE DE LA OSA / Reuters

Utreisepapir kosta 30 månadsløningar

Det kvite kortet var ikkje umogleg å få utstedt før reformen. Årleg emigrerer 30.000 cubanarar på lovleg eller ulovleg vis. Flesteparten dreg til USA, som automatisk gir opphaldsløyve til alle cubanarar som kjem dit, etter «Cuban Adjustment Act» frå 1966.

Men pengane det har kosta å få utreisepapira i orden, har gjort muren mellom øybebuarane og omverda høgreist.

Prislappen på utreiseløyve og invitasjonsbrev kunne til saman overskrida 600 cubanske dollar, eller 3.300 norske kroner - ei formue for ein cubanar som tener i gjennomsnitt 20 cubanske dollar eller 120 norske kroner per månad.

Etter dagens lovendring må cubanarane «berre» betala 100 dollar for å få utstedt pass, som kan fornyast kvart andre år for ytterlegare 20 dollar.

Men sjølv om kostnadene er reduserte til ein sjettedel, vil det framleis vera nok til at Eiffeltårnet, Grand Canyon og Den kinesiske muren forblir ein uoppnåeleg draum for mange av innbyggjarane.

For José i bankkøen er det ein absurd tanke at han sjølv skal kunne pakka kofferten og dra til fjerne strok etter å ha levd 63 år på den karibiske øya.

– Eg kunne tenkja meg å reisa til Galicia i Spania, der eg opphavleg kjem frå. Men eg trur ikkje eg kjem så langt uansett, seier han og skottar ned på den slanke, slitte skinnlommeboka i skjortelomma si.

Bakgate i gamle Havanna, Cuba

Den gjennomsnittlege månadsløna på 20 pesos (120 norske kroner) vil framleis vera til hinder for at cubanarar flest pakkar kofferten og reiser utanlands.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Vil dokterar få dra?

Fattigdom er heller ikkje det einaste hinderet for cubansk exit. Den nye migrasjonslova er ikkje fri for restriksjonar og unntak.

Ein nøkkelparagraf gir styresmaktene rett til å nekta folk pass i visse situasjonar, som til dømes personar som er under etterforsking for lovbrot, med uteståande gjeld eller av «årsaker som gjeld militær eller nasjonal tryggleik»

Den siste formuleringa har blit tolka i vid forstand: personar i strategiske yrke, som til dømes militære leiarar, idrettsutøvarar, statleg tilsette med tilgang til sensitiv informasjon og visse yrkesgruppe vil framleis kunne bli nekta pass.

Det er venta at den tallrike cubanske legestanden ville bli definert som ei slik yrkesgruppe. Legar har hittil blitt nekta utreise, med unntak av i visse bilaterale utvekslingsprogram.

Årsaka er frykta for hjerneflukt og fordi medisinsk personell er ei uhyre viktig eksportvare til venskapsnasjonen Venezuela. Castro sender legar til Hugo Chavez og får sterkt rabattert olje i retur.

Dissidentar blir lakmus-test

Den cubanske regimekritikaren Yoani Sanchez

Den cubanske regimekritikaren Yoani Sanchez ventar i spenning på om ho etter reformen får reisa ut av Cuba - og returnera.

Foto: Javier Galeano / Ap

Effekten av utreise-reformen vil til sjuande og sist vera avhengig av korleis cubanske styresmakter set den ut i live.

Ein lakmus-test blir korleis regimet heretter stiller seg til dissidentar. Styresmaktene stemplar regimekritikarar som forrædarar som konsekvent får avslag på søknader om utreiseløyve.

«Kofferten min er pakka for ein tur MED RETUR. Kjem eg til å få lov til å dra?» skreiv nyleg den regimekritiske bloggaren Yoani Sanchez på mikrobloggen Twitter.

Sanchez har blitt stoppa frå å reisa ut minst 19 gonger. Ho har tidlegare fått klar beskjed frå statlege tenestemenn om at ho berre får forlata landet dersom ho reiser for godt.

Trur på endring

Ekspertar meiner at lovendringa uansett vil gje mange cubanarar høve til å reisa ut og sjå andre delar av verda, og spår at dette vil bli bensin på bålet for det ulmande kravet om forandring.

– Den nye migrasjonspolitikken er eit incentiv for ytterlegare reform i politikken og økonomien, seier økonomen Arturo Lopez-Levy til nyheitsbyrået AP.

– Retten til å reisa vil opna for at fleire rettigheits-krav blir innfridde, trur økonomen.

Oppmjuking av regimet og liberalisering av den strengt sentralstyrte cubanske økonomien har skjedd gradvis sidan Raúl Castro tok over roret etter revolusjonshelten, eks-presidenten og broren Fidel.

Regimet får framleis kritikk for udemokratisk styring og brot på menneskerettane.

Fidel Castro og Raul Castro

Cuba har gjennomgått ei rekkje politiske og økonomiske reformar etter at Raul Castro (t.h.) tok over presidentembetet etter broren Fidel i 2008.

Foto: ADALBERTO ROQUE / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt