Drap sonen (7) etter mislukka Koran-pugging

Ei mor er i Wales dømd til fengsel på livstid for å ha drepe og sett fyr på sonen sin (7). Kvinna blei sint på guten fordi han ikkje kunne Koran-versa på rams.

Etter ei fem veker lang rettssak er Sara Ege funnen skuldig i å ha slått ihjel sonen sin Yaseen Ege (7) i sin eigen heim i den walisiske hovudstaden Cardiff i juli 2010. Den 33 år gamle mora sette deretter fyr på liket.

Ho er no dømd til å sona i fengsel på livstid, med ei minstetid på 17 år, ifølgje BBC.

Sleit med Koran-memorering

Obduksjonsrapportar viser at guten døydde av omfattande skadar i magen. Han hadde i tillegg fleire beinbrot og teikn på skadar frå tidlegare mishandling.

Foreldra hadde meldt sonen på ein Koran-skule i den lokale moskeen. Målet var at guten skulle bli «Hafiz» – ein islamsk tittel på personar som memoriserer Koranen.

I retten sa kvinna at ho blei stadig meir frustrert over at sonen ikkje greidde å memorera dei heilage tekstane.

I den rystande politiforklaringa fortel kvinna om korleis guten kollapsa etter at ho hadde slått han medan han framleis mumla utdrag frå Koranen.

«Han pusta som om han sov då eg gjekk frå han. Han mumla dei same frasene om og om igjen. Eg trudde berre at han var trøytt».

Ti minutt etterpå kom ho tilbake og fann sonen skjelvande på golvet, før han døydde. Etterpå sette ho fyr på liket i forsøk på å skjula ugjerninga.

«Slo han som ein hund»

Kvinna har også fortalt at ho hadde problem med å kontrollera sinnet sitt og at ho ofte hadde raseriutbrot som gjekk utover sonen.

«Eg kom ut av kontroll og slo Yaseen over ryggen med ein kjepp, som ein hund» sa den domfelte kvinna i eit politiavhøyr.

Ho erkjende seg ikkje skuldig etter tiltalen, og trekte mot slutten av rettssaka forklaringa ho tidlegare hadde gitt politiet.

33-åringen hevda overfor dommarane at det var ektemannen og svigerforeldra som hadde tvinga henne til å tilstå, men at det var han som var gjerningsmannen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt