NRK Meny
Normal

Slektninger til ebolasmitta amerikaner får husarrest

Fire familiemedlem av amerikanaren som har fått påvist ebolasmitte har fått husarrest. Dei får ikkje gå ut eller ta mot gjester. Mannen skal ha vore i kontakt med 80 personar får han fikk hjelp.

US-TEXAS-GOV.-RICK-PERRY-DISCUSSES-EBOLA-CASE-AT-TEXAS-HEALTH-PR

Ein mann står utanfor bustaden der den 42 år gamle ebolasmitta mannen skal ha budd seg før han vart frakta til sjukehuset. Det er uvisst om dette er bustaden kor hans slektningar no må sitt i husarrest, eller om mannen på biletet er ein av dei fire slektningane.

Foto: TOM PENNINGTON / Afp

Ebola

Ein mann som kalla seg «Joe» snakka i går med amerikanske medium. Mannen sa han er bror til den smitta 42-åringen. Det er ukjent om «Joe» er ein av dei som no må sitte 17 dagar i husarrest.

Foto: Chuck Burton / Ap

US-TEXAS-GOV.-RICK-PERRY-DISCUSSES-EBOLA-CASE-AT-TEXAS-HEALTH-PR

I dette bustadkomplekset budde den smitta amerikanaren.

Foto: TOM PENNINGTON / Afp

Helsestyresmakter i Texas har gitt streng ordre til dei fire familiemedlemmane at dei må gjennomføre tiltaka for å bidra til at ebolaviruset ikkje vert spreidd. Det skriv NBC News.

Det tek ofte rundt 20 dagar frå ein vert smitta av til dei første sjukdomsteikna slår til, og difor er det ein viss fare for at mannen kan ha smitta andre før han kom seg til sjukehus og vart sett i isolat. Familien må no halde seg for seg sjølve innandørs fram til 19 oktober når inkubasjonstida er over.

Familien er også gitt ordre om å ta alle naudsynte blodprøver, og å gjennomføre alle testar som amerikanske styresmakter ønskjer å gjere på dei.

I den smitta mannens nabolag har frykta vore stor for at han kan ha smitta andre. Lokale helsestyresmakter har kartlagt dei rundt 80 personane som mannen har vore i kontakt med sidan han kom heim frå Liberia den 19. september. Mannen skal ha mellomlanda i Brussel på veg heim frå Afrika.

Sjølv om frykta er stor blant dei som oppheld seg rundt den smitta mannen, så er det i Afrika frykta er størst. Så langt har minst 3338 menneske døydd av viruset. Aller verst er det i Liberia med meir enn 1800 omkomne.

Den 42 år gamle mannen oppheld seg no i isolat, og får behandling for ebola.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt