Hopp til innhold

Fann Roald Amundsen si parafinkanne i Antarktis: – Heilt fantastisk

Etter å ha gått dag etter dag i Roald Amundsens spor, i storm og kulde, nådde ho endeleg Bettytoppen. – Eg kikka inn mellom steinane i varden. Der stod jammen parafinkanna som Roald Amundsen plasserte der for snart 106 år sidan, fortel Astrid Furholt.

Astrid Furholt ved Amundsen sin varde på Bettytoppen i Antarktis

Astrid Furholt ved varden Roald Amundsen og hans menn bygde på Bettytoppen i Antarktis i 1912. Der inne ser vi den store parafinkanna med ein hermetikkboks på toppen.

Foto: Jan Sverre Sivertsen / Privat

Ho har som mål å bli den første kvinna i verda som går i Roald Amundsen sine spor til Sørpolen. Med seg på ekspedisjonen har Astrid Furholt turkameraten Jan Sverre «Sivert» Sivertsen. Dei er blitt utfordra av bitande kulde og storm, men nærmar seg målet.

Avstikkaren opp til Bettytoppen har vore eit høgdepunkt. Der står det ein varde som Roald Amundsen og hans menn bygde 6. januar 1912, då dei var på veg tilbake frå Sørpolen til Framheim. Amundsen var den første som nådde Sørpolen, 14. desember 1911.

I varden blei det plassert ei kanne parafin (17 liter), to pakkar med fyrstikker og ein hermetikkboks med to lappar i. Den eine var eit notat der Amundsen skriv at ekspedisjonen nådde Sørpolen 14.–16. desember 1911. Den andre var ein lapp med namn og adresse til ekspedisjonsmedlemmene Oscar Wisting og Helmer Hanssen, som stod for sjølve byggjearbeidet.

Astrid Furholt i storm i Antarktis

Stormen herjar, og Astrid Furholt set opp teltet. Her er det best å komme seg «under tak».

Foto: Jan Sverre Sivertsen / Privat

Amundsen meinte at parafin og fyrstikker kanskje kunne komme andre til nytte seinare. Fyrstikkene blei fjerna, bl.a. som suvenirar, av deltakarane på Laurence McKinley Goulds ekspedisjon i 1929. Samtidig blei notatet henta ut, og gitt til Norsk Geografisk Selskap i 1949, ifølgje Norsk Polarklubb. Eit foto av notatet er plassert på eit museum i USA.

Varden på Bettyfjellet er det einaste kulturminnet på fast grunn frå Amundsens si ferd frå Hvalbukta til Sørpolen og tilbake. I tillegg er teltet dei sette igjen på Sørpolen kulturminne, sjølv om det no ligg i breen, fleire meter under overflata.

Astrid Furholt ved Amundsen sin varde på Bettytoppen i Antarktis

Turen til Bettytoppen har vore eit høgdepunkt på ekspedisjonen i Antarktis, fortel Astrid Furholt.

Foto: Jan Sverre Sivertsen / Privat

Full av parafin

– Eg var veldig spent på kva som venta oss på Bettytoppen. Kanskje kanna ikkje var der meir? Straks vi var oppe, gjekk eg rett fram til varden. Eg såg inn mellom steinane, og der stod kanna! Då blei det vill jubel! Det var ei utruleg oppleving, fortel Astrid Furholt til NRK på telefon frå Antarktis.

– Kanna var framleis full av parafin, men ho begynte å bli litt rusta i kantane. Også den vesle boksen var framleis inne i varden, men vi opna han ikkje. Vi har respekt for at dette er eit kulturminne, seier ho.

Då Astrid Furholt planla ekspedisjonen, gjorde ho ein avtale med Norsk Polarklubb. Dersom ho fekk høve til å gå opp på Bettytoppen, ville dei gjerne at ho fann den nøyaktige geografiske posisjonen til varden.

Astrid Furholt i Antarktis

Astrid Furholt på Axel Heiberg-breen i Antarktis.

Foto: Jan Sverre Sivertsen / Privat

Flytta minneplakett

– Vi fekk loggført posisjonen. Eit par kilometer bak toppen fann vi dessutan ein minneplakett som var utplassert av ein tidlegare ekspedisjon. Vi tok plaketten med, og plasserte han inne i varden på Bettytoppen, fortel Furholt.

Norsk Polarklubb er svært glad for at dette no er ordna.

– Sidan varden er det einaste synlege kulturminnet, er det viktig at varden sin nøyaktige posisjon er registrert, seier leiaren i klubben, Fridtjof Mehlum.

– Det er sjølvsagt også viktig at minneplaketten, som omtalar Amundsen si store bragd, no er plassert i den varden Amundsen og hans menn bygde på Bettytoppen, seier han.

– Etter det vi veit, er Astrid Furholt og Jan Sverre Sivertsen dei første norske som har vore ved denne varden, legg han til.

Astrid Furholt og Jan Sverre Sivertsen i Antarktis

Astrid Furholt og Jan Sverre Sivertsen er godt rusta til å møte storm og bitande kulde i Antarktis.

Foto: Jan Sverre Sivertsen / Privat

Stram tidsfrist

Furholt og Sivertsen kom i gang 13. november, etter å blitt transportert til startpunktet på Rossisen med småfly. Første dagen gjekk dei 28 kilometer, men så kom stormen.

– Dei blei liggjande vêrfast i seks dagar. Då var dei allereie forseinka ut frå Union Glacier, der selskapet som står for transporten i Antarktis, ALE, har sin base, seier Lars Ebbesen, som er kontaktperson for ekspedisjonen.

Han fortel at dei har lagt bak seg rundt 950 kilometer, og har 410 igjen. Dei har gått opp den spektakulære Axel Heiberg-breen, og er no oppe på platået, i rundt 3000 meters høgde.

Astrid Furhold sin rute til Sydpolen

Astrid Furholt og Jan Sverre Sivertsen planla å gå heile ruta som Roald Amundsen gjekk. Sidan flyet ikkje kunne lande ute ved kanten av Rossisen, nær staden der Amundsen starta (Framheim), måtte dei først gå ut dit, og så tilbake same veg. Men dei blei sitjande vêrfast i storm i seks dagar, og rakk derfor ikkje å gå heile vegen ut dit, som planlagt. Skulle dei gjort det, ville dei ikkje rekke Sørpolen i tide.

Foto: Lars Ebbesen

– Dei må vere framme på Sørpolen seinast 17. januar, då går siste ordinære fly. Dersom dei skal ha transport ut etter dette, vil det koste ein million kroner, seier Ebbesen.

– Som å gå på sandpapir

– Eg kjenner på tidspresset, det er kort tid igjen, seier Astrid Furholt frå teltet i Antarktis.

– Men her er det naturen som bestemmer. Det er ekstremt kraftig vind, og bitande kaldt, med temperaturar ned mot 30 minusgrader. Terrenget er ganske flatt, men det er likevel svært utfordrande å gå her. Vi legg bak oss rundt 20 kilometer kvar dag. Snøen er svært tørr, det er som å gå på sandpapir. Men eg trur vi når Sørpolen i tide, rett nok med ganske liten margin, seier ho.

Astrid Furholt og Jan Sverre Sivertsen på julaften 2017 i Antarktis

Kald julaftan i teltet for Astrid Furholt og Jan Sverre Sivertsen.

Foto: Astrid Furholt / Privat

SISTE NYTT

Siste nytt