Hopp til innhold

Fann minnepinne med video inni ein selbæsj

Forskarane i New Zealand vart overraska då dei henta fram ein gamal prøve av ein selbæsj. Inni avføringa låg ein minnepinne, og på den låg det nokre filer.

Ein film vart funnen på ein minnepinne som har vore inni ein leopardselbæsj i over eitt år.

Ein film vart funnen på ein minnepinne som har vore inni ein leopardselbæsj i over eitt år.

«Dei tinte opp ein leopardselbæsj...du vil ikkje tru kva som då skjedde», skriv National Institute of Water and Atmospheric Research (NIWA) på sine eigne nettsider.

Video og eit bilete

Der fortel dei historia om forskarane som tinte opp eitt år gamal avføring frå ein sjuk leopardsel. Forskingsinstituttet seier avføringa, som var på storleik med to rundstykke, er som gull for dei. Ein slik prøve kan fortelje meir om kva leopardselane et, kva helse dei har og kor lenge dei har vore i områda rundt New Zealand.

Godt gøymd inni avføringa fann forskarane ein minnepinne, og etter to veker med tørking, vasking og venting putta dei minnepinnen inn i ein maskin. Og den fungerte. Ein video som viser - naturleg nok - selar som svømmer rundt i havet kom til syne på dataskjermen.

Insituttet delte videoen på sin Twitter-konto:

Laster Twitter-innhold

Urovekkande med plastikk

Forskaren som fann minnepinnen vart ikkje særleg opppløfta av funnet.

– Det er veldig urovekkande at desse fantastiske antarktiske dyra har plastikk inni seg, seier Jodie Waren til NIWA sine eigne nettsider.

Leopardsel på New Zealand

Eit stillbilete av ein sel var også å finne på minnepinnen.

Foto: Ukjent

No etterlyser instituttet eigaren til minnepinnen. Det einaste sporet ein har å gå etter er den blå tuppen på ein kajakk som fotografen sit oppi.

Instituttet legg til at det er mogleg for eigaren å kjøpe minnepinnen tilbake, men det kjem med ein kostnad: Dei vil ha meir leopardselbæsj i retur.

SISTE NYTT

Siste nytt