Hopp til innhold

Fann levande ugle i juletreet

Ein familie frå Georgia, USA, trudde ikkje sine eigne auge då dei fann ei ugle i juletreet i stova. Truleg hadde ugla budd i treet i fleire dagar.

Ugle i juletreet

NY LEIGEBUAR: Ein lundugle hadde busett seg i familien Newman McBride sitt juletre.

Foto: Billy Newman / AP

– Mamma, uglepynten skremmer meg!

Det sa dottera til Katie McBride Newman då ho kom inn i stova etter at familien hadde pynta juletreet.

Mora gjekk så inn i stova for å vise dottera juletreet – som ironisk nok hadde uglejulepynt – då ho plutseleg fekk auge på ugla dottera hadde sett. Og det var ikkje julepynt, men ei heilt levande ugle.

– Og då sa eg: Oi! Det er faktisk ei ekte ugle!, fortel McBride Newman til CNN.

Kan ha vore i treet i ei veke

Familien kjøpte juletreet rett etter thanksgiving, i byrjinga av desember. Først trudde dei at ugla hadde floge inn ein av dei første dagane dei sette det opp.

Laster Twitter-innhold

Dei kontakta Chattahoochee Nature Center og deira villdyrklinikk. Dei slo fast at ugla var tynnare enn ho skulle og truleg har vore i treet lenger enn dei først trudde.

Kanskje så lenge at ho kan ha vore i treet allereie då familien kjøpte det.

Familien Newman vart derfor anbefalt å gi ugla litt mat, og den åt gladeleg litt kylling.

Og ugla vart verande.

Høyrer framleis ugla rope om nettene

For at det nye fjærkreet til familien ikkje skulle halde til heile jula i treet, fekk familien Newman råd om å fange ugla i eit bur, og sleppe den ut ute.

Førre laurdag, rundt halv ti på kvelden, og etter fleire dagar som juletre-leigebuar, flaug ugla av garde.

Matmor Katie McBride fortel til CNN at ho sver på at ho framleis kan høyre den vesle fuglen rope om nettene.

Laster Twitter-innhold

– Utruleg

Martin Eggen frå Norsk Ornitologisk Foreining seier til NRK at dette er ei «utruleg historie».

Han fortel at ugla det er snakk om er truleg ein lundugle, og at dei gjerne sit i tette grantre eller holrom for å gøyme seg frå andre rovfuglar. Ugler sit derfor heilt urørleg når dei søv eller kviler seg, og dei jaktar ikkje før om natta.

Martin Eggen, Naturvernrådgiver i Norsk Ornitologisk Forening

UTRULEG: Martin Eggen er naturvernrådgjevar i Norsk Ornitologisk Foreining. Han kallar historia for utruleg.

Foto: PRIVAT

– Dette er ei unik historie og det er utruleg dersom ho har slått seg ned på ein kvist og følgt med inn i huset.

Eggen har sjølv fanga ein perleugle med hendene ein gong for å merke den, og seier at sjølv om uglene er kloke, er dei òg tillitsfulle og tilsynelatande uredde i enkelte situasjonar.

– Det er ikkje alltid til deira eige beste, seier han.

Ei ekte Disney-historie

Det er nesten som ei ekte Disney-historie: Mikke Mus og Pluto hentar eit juletre i skogen, og finn to levande ekorn i treet undervegs i pyntinga.

Bortsett frå at denne gongen vart dei to ekorna Snipp og Snapp bytt ut med ein ugle.

Snipp og Snapp tar bolig i Mikke og Plutos juletre i den klassiske juleserien.

FORNØGD: Snipp og Snapp flyttar inn i Mikke og Pluto sitt juletre i den klassiske juleserien.

Foto: Disney

Heldigvis fann både Snipp og Snapp og ugla heim til slutt:

– Ha det bra, fuglen. Takk for æra du gav familien vår, for at du fekk magien og mysteriet til livet til å bli levande i heimen vår, og for inspirerande samband blant alle som følgde etter eventyret, skriv Katie McBride Newman i ein Facebook-post etter at ugla hadde floge sin veg.

Som takk for hjelpa har familien og vennene deira donert over 500 amerikanske dollar til Chattahoochee Nature Center sin klinikk for ville dyr.

SISTE NYTT

Siste nytt