Hopp til innhold

Fann lenka kvinne i konteinar - mann tilstår sju drap

Kala Brown (30) vart funnen i ein konteinar, lenka fast som ein hund, men i live. Dette leidde til avsløringa av ein seriedrapsmann med minst sju liv på samvitet.

Todd Kohlhepp.

Todd Kohlhepp vart framstilt for fengsling sist fredag.

Foto: TIM KIMZEY / Ap

Få hadde høyrt om den vesle byen Woodruff i Spartanburg County i Sør-Carolina før Kala Brown vart funnen innelåst i ein konteinar, bunden og lenka fast til veggen på ein eigedom i byen. Dette skjedde sist torsdag.

Då hadde ho og kjæraste vore sakna frå heimbyen Anderson, rundt 90 kilometer unna, sidan 31. august.

Skaut kjærasten

Todd Kohlhepp sikta for fleire drap i Sør-Carolina.

Todd Kohlhepp jobba som eigedomsmeklar, men var også registrert som sex-overgripar.

Foto: HANDOUT / Reuters

Det var eit anonymt tips i denne saka som fekk politiet til å fatte interesse for eigedomen til Todd Christopher Kohlhepp (45). Etter funnet av Kala Brown vart det raskt oppdaga fire nedgravne lik på eigedomen.

Ho har fortalt politiet at Kohlhepp skaut kjærasten hennar med fleire skot, medan ho såg på. Ho har vore halden fanga i konteinaren i to månader, har ho fortalt.

Todd Kohlhepp, som tidlegare er dømd for seksuelle overgrep og som jobbar som eigedomsmeklar, vart straks arrestert. Først var han berre sikta for bortføring, men siktinga vart raskt endra til drap.

Det tok ikkje lang tid før 45-åringen hadde tilstått å stå bak heile sju drap, og han har vist politiet kvar han hadde grave ned lika på den 38 mål store eigedomen sin. Kjærasten til Kala Brown skal vere ein av dei.

Drap i Sør-Carolina.

Sherriff Chuck Wright orienterer om avsløringa om seriedrapsmannen Todd Kohlhepp.

Foto: TIM KIMZEY / Ap
Drap i Sør-Carolina.

Det vart funne fire nedgravne lik på eigedomen til Todd Kohlhepp.

Foto: Tim Kimzey / Ap

Seriedrapsmann løs i USA

Drap fire i motorsykkelbutikk

Han har blant anna tilstått drapa på fire personar i motorsykkelbutikken Superbike Motorsports i byen Chesnee ikkje langt unna Woodruff i 2003. Sheriff Chuck Wright er overtydd om at Kohlhepp står bak også desse drapa.

– Han har fortalt oss ting som ingen andre kunne ha visst, seier han til nyheitsbyrået AP.

Wright opplyser Kala Brown og kjærasten Charlie Carver på ein eller annan måte kjende Todd Kohlhepp frå før, men dei vil ikkje seie noko om kva tidlegare kontakt det har vore snakk om.

– Dei var ikkje tilfeldige offer, seier sheriff Chuck Wright i følgje nyheitsbyrået Reuters.

Familien til Carla Brown seier at tilstanden hennar er varierande. Ho har gode periodar, men opplever også periodar då ho er sterkt prega av det som har skjedd.

«Doomsday prepper»

Naboar fortel at Todd Kohlhepp var ein såkalla «doomsday prepper», ein som har laga seg ein bunker på eigedomen der han hadde lagra store mengder mat og drivstoff for å førebu seg på atomkrig eller andre katastrofar.

Naboen seier likevel at dei aldri opplevde han som ein farleg person.

Drap i Sør-Carolina.

Det vart funne fleire nedgravne lik på eigedomen til Todd Kohlhepp.

Foto: John Byrum / Ap
Drap i Sør-Carolina

SISTE NYTT

Siste nytt