Hopp til innhold

Fann hemmeleg brev etter Ikeagründeren sin død

Eit brev signert Ingvar Kamprad er funne eit halvt år etter hans død. Avskjedsbrevet kjem med instruksar til korleis den populære varehuskjeda skal driftast vidare.

Ingvar Kamprad.

Eit hemmeleg brev av avdøde Ingvar Kamprad er funne. Han takkar kollegaer i Ikea for eit godt liv.

Foto: Björn Larsson Ask/SvD/TT / NTB scanpix

I januar i år gjekk Ingvar Kamprad bort, 91 år gammal. Kamprad blei født i 1926 i Småland og grunnla møbelvarehuset Ikea som 17-åring.

Akronymet IKEA kjem av initialane frå hans eige namn, i tillegg til Elmtaryd, garden der han vaks opp, og den nærliggande landsbyen Agunnaryd.

Dei siste åra av livet sitt budde han på familiegarden utanfor Älmhult i Småland.

Vart funne av assistenten

Ifølgje svenske Expressen var det Kamprad sin assistent, Eva Lundell Fragnier, som fann brevet på garden.

Familien har no offentleggjort brevet, som ligg tilgjengeleg på Ikea si offisielle Facebook-side.

Det var Kamprad sjølv som ønskja at brevet skulle delast med alle som er, eller tidlegare har vore, tilsett i Ikea.

– Eit fantastisk liv

I brevet takkar Kamprad sine kollegaer for eit godt liv.

– No er min eigen saga slutt. Eg har levd eit fantastisk liv, som har vore litt vanskeleg til tider. Men å ha vore saman med verdas beste kollegaer i så mange år overskygger alt, skriv Kamprad.

I tillegg til personlege skriv, har han ei klar oppfordring til tilsette frå både den yngre og eldre generasjonen av Ikea-familien.

– Lær av sjefen din om du er av den yngre generasjonen, og lær sjefen din om det du kan. Dette er verdas beste «win/win»-situasjon.

Han presiserer også at hans tre soner, Peter, Jonas og Mathias, skal vidareføre livsverket hans.

Brevet er også oversett til engelsk, slik at tilsette over heile verda får lese brevet.

Var ein av verdas rikaste

I 2007 var Kamprad den rikaste i Europa. I magasinet Forbe si måling av verdas rikaste, som for første gong vart kunngjort i 2010, var han blant dei ti rikaste i verda. Han hadde då ei formue på 23 milliardar dollar.

Lars-Johan Jarnheimer, talsmann i Ikea Holding, har tidlegare definert Kamprad som ein av dei største entreprenørane på 1900-talet.

– Han har døydd, sjølv om ein skulle tru at det aldri kunne skje. Det er berre sørgeleg. Men samstundes må ein glede seg over at han fekk eit langt og innhaldsrikt liv. Eg trur han har hatt det utruleg kjekt under oppbygginga av Ikea, sa Jarnheimer til den svenske avisa Dagens Industri i forbinding med hans bortgang.