Hopp til innhold

Veritas fann feil på utblåsingsventil

Ventilen som skulle hindre ei utblåsing på BP-plattforma «Deepwater Horizon», fungerte ikkje som følgje av feil design og eit skeivt røyr, viser ei gransking som Det norske Veritas har gjennomført.

Deepwater Horizon

Eksplosjonen på Deepwater Horizon utløyste eit gigantisk oljeutslepp i Mexicogolfen.

Foto: Den amerikanske kystvakten / Reuters

Rapporten verkar å ta noko av skulda for oljekatastrofen bort frå BP og over på selskapa som bygde og hadde vedlikehaldsansvaret for den 300 tonn tunge og 16 meter høge utblåsingsventilen, melder nyheitsbyrået AP.

Ventilen er produsert av selskapet Cameron International, og selskapet Transocean Ltd. hadde vedlikehaldsansvaret.

LES OGSÅ: Bakterier har spist Deepwater Horizon-gass

LES OGSÅ: Sparetiltak medvirket til oljekatastrofe

Tvil om andre ventilar

Utslippene fra Deepwater Horizon

Enorme mengder olje spruta ut frå Deepwater Horizon.

Foto: HO / Reuters

Minst ein av Veritas-ekspertane seier at funnet kastar alvorleg tvil om alle dei andre utblåsingsventilane som er i bruk av oljeindustrien rundt om i verda, er til å stole på .

Rapporten frå Det norske Veritas er ikkje siste ord i saka om oljekatastrofen som ramma «Deepwater Horizon» i Mexicogolfen i april i fjor, der 11 menneske miste livet og rundt 757 miliionar liter olje rann ut i havet.

Men rapporten skal vere ei hjelp til granskarane som skal finne ut av kva som gjorde at utstyret som skulle hindre ei utblåsing, svikta så katastrofalt.

Det norske Veritas fekk i oktober i fjor i oppdrag av dei amerikanske innanriks- og tryggingsdepartementa å gjennomføre ei rettsteknisk gransking av utblåsingsventilen (BOP-en) til Deepwater Horizon og stigerøyret som var knytt til Macondo-brønnen i Mexicogolfen, skriv Dagens Næringsliv på nettet.

LES OGSÅ: Vil tillate oljeboring på dypt vann ved Shetland

LES OGSÅ: USA saksøker BP

Vedlikehaldsarbeid

Det norske selskapet har jobba i fleire månader med å plukke frå kvarandre den gigantiske utblåsingsventilen. Arbeidet har gått føre seg på anlegget til Nasa i Michoud i Louisiana.

Det går fram av rapporten at vedlikehaldsarbeid utført av Transocean like før utblåsinga, kan ha medverka til at det skjedde, skriv AP.

Det norske Veritas ville overfor Dagens Næringsliv ikkje kommentere rapporten. Kommunikasjonssjef Aage Andreas Enghaug seier at sidan dei er ein del av ein offentleg og rettsleg prosess etter ulukka, og har rolla som granskar, kan dei ikkje gå inn i sjølve innhaldet i rapporten.

Utblåsingsventilen kunne ikkje ha hindra årsaka til utblåsinga, men om ventilen hadde fungert som han skulle, så kunne han ha stansa utblåsinga.

LES OGSÅ: – Riggarbeidernes feilvurdering er et mysterium

LES OGSÅ: – Hvordan kunne dette skje?

LES OGSÅ: Brønnen i Mexicogolfen er tettet