Hopp til innhold

Fann ein million kroner i dansk tøykonteinar

Røde kors på Sjælland i Danmark fann eit brev med ein million kroner i ein tøykonteinar. Donoren har ikkje meldt seg.

– Me har undersøkt saka nærare, og det er ikkje noko som tyder på at pengane stammar frå ein ulovleg handling eller noko anna som kan fatte politiet si interesse, seier kommunikasjonssjef i politiet Carsten Andersen til avisa Sjællands nyheder.

Politiet vil likevel kome i kontakt mer personen som har gitt pengane til Røde Kors, for å vere sikre på at pengane ikkje stammar frå ei kriminell handling.

Personen kan forvente full anonymitet, og blir oppfordra til å kontakte Midt- og Vestsjællands Politi for å fortelle kvar pengane stammar frå.

Pengane låg i eit brev, og Andersen omtalar dei som «gode, danske sedler».

– Der var ein knapp million kronar, og alt tyder på at dei stammar frå ei venleg sjel, men me vil gerne tale med vedkommande, så me kan avslutte saka, og pengane kan hjelpe Dansk Røde Kors, seier Carsten Andersen, som i sin jobb som politi aldri har vore ute for ei slik oppleving tidlegare.

– Dette er ikkje noko som skjer ofte. Eg kan ikkje hugse at me har vore utsett for noko liknande, så det er inga grunn til å gå på skattejakt i tøykonteinarane, seier han til den danske avisa.

SISTE NYTT

Siste nytt