Hopp til innhold

Fann ein mill. euro i falske setlar

Politiet i Polen har torsdag teke beslag i falske pengesetlar tilsvarande ein million euro - det største beslaget nokosinne i landet.

Polsk politi fann den ulovlege pengeprinten under ein razzia på ein eigedom i Warzawa, skriv BBC.

Dei falske pengane var printa ut i det som etterliknar 500 og 50 euro-setlar.

Største funn nokosinne

Dette er ein stor suksess for den sentrale etterforskingseininga i landet, som har avdekt det største falskneri-funnet i Europa så langt i år, og det største i Polen nokosinne.

– I tillegg fann me nok kjemiske komponentar, papir og holografiske merke til å kunne produsera enda to mill. euro i falske setlar, seier talsmann for politiet Mariusz Sokolowski til BBC.

Ein 65 år gammal mann vart pågripen på staden.

SISTE NYTT

Siste nytt