Hopp til innhold

Fann 414 millionar plastgjenstandar langs strendene

Australske forskarar har funne 414 millionar gjenstandar av plast langs strendene på øygruppa Kokosøyane i Indiahavet.

Søppel på Kokosøyane.

Plastsøppelet som er synleg på strendene på Kokosøyane utgjer under ti prosent av den samla mengda av plast på øyane. Mesteparten ligg under sanden.

Foto: Silke Struckenbrock / AFP

Det bur berre rundt 500 menneske på dei avsidesliggjande øyane 2750 kilometer ute i havet frå den australske storbyen Perth. Australske turiststyresmakter marknadsfører Kokosøyane som «Australias siste urøyvde paradis».

Ein studie gjort av forskarar frå Universitetet i Tasmania, publisert i tidsskriftet Scientific Reports denne veka, viser ei anna sanning. At enorme mengder plastsøppel hamnar langs dei idylliske strendene i øyriket.

Ein million sko

Dr. Jennifer Lavers.

Dr. Jennifer Lavers er marin toksikolog ved Universitetet i Tasmania. Ho har leidd arbeidet med forskingsrapporten.

Foto: UNiversitetet i Tasmania

Blant dei 414 millionar gjenstandane er det funne nesten ein million sko og over 370.000 tannbørstar. Det er snakk om 238 tonn plast, fordelt på dei 27 øyane som dannar Kokosøyane, også kalla Keelingøyane.

Marin toksikolog Jennifer Lavers, som har leidd arbeidet med studien, seier at mykje av søppelet dei fann på øyane var eingongsartiklar, slik som flaskekapslar, sugerøyr og innpakkingspapir for matvarer. I tillegg kjem den enorme mengda sko og sandalar.

– Plastforsøpling er svært utbreitt i verdshava, og avsidesliggjande øyer er den ideelle plassen for å få eit sant bilete av mengda med plast som flyt rundt. Øyer som dette er som kanarifuglar i ei kolgruve, og det hastar å setje inn tiltak på dei varsla som desse øyene gir oss, seier Jennifer Lavers.

Mesteparten er under sanden

Noko av det som skremde henne mest, var at under 10 prosent av plastsøppelet låg synleg til på strendene. Mesteparten låg under sanden, fortel ho.

– Eg er ein varm tilhengjar av strandryddingsaksjonar, men det er vanskeleg å få med seg det som ligg skjult i sanden, seier ho.

– Når du ser bilete av søppelet på strendene på Kokosøyane, og synest det er ille. Så veit du at det er under ti prosent av problemet. Eg har ikkje ord for å beskrive det, legg den australske forskaren til.

Søppel på Kokosøyane.

Dei enorme mengdene søppel langs strendene på Kokosøyane har skremt forskarane bak rapporten

Foto: Jennifer Lavers / AFP

WWF roser norsk initiativ: – Gjør det lettere for u-land å si nei til farlig plast

Norske fugler lager rede av plastsøppel

– Må redusere plastproduksjonen

Annett Finger frå Victoria-universitetet, som har vore med på dette forskingsprosjektet, meiner det er naudsynt å redusere produksjonen av plastartiklar, og det straks.

– Den einaste løysinga er å bruke mykje mindre plast, og å forbetre søppelhandteringa slik at plastartiklar ikkje når ut i havet. Det er veldokumentert at plast er ein stor trussel mot dyrelivet, og verknaden plast har på menneske har blitt ein stadig viktigare del av medisinsk forsking, seier Annett Finger.

Malaysia er lei av å være verdens søppeldynge

Han åpnet plasthvalen som opprørte hele Norge – her spretter han magesekken på ny hval

SISTE NYTT

Siste nytt