Fann 21 barnelik i elv

21 barnelik er funne i ei elv i det austlege Kina. Det er mistanke om at dei er dumpa frå eit sjukehus i nærleiken, melder fleire kinesiske aviser.

Det er uklart kor gamle dei døde borna kan ha vore, men det er truleg snakk om nyfødde. Eitt av barnelika kan ha vore eit foster, melder China News.

Styresmaktene i Shadong-provinsen seier det kan vere snakk om aborterte foster eller nyfødde born som er døde av sjukdom. Det makabre funnet vart gjort i utkanten av byen Jining.

Abort er utbreidd i Kina, der det blir utført minst 13 millionar svangerskapsavbrot i året. Årsaka er blant anna den såkalla eittbarnspolitikken, der dei fleste som bur i byar ikkje får ha meir enn eitt barn.

Augevitne fortel at nokre av borna har lappar festa til beinet med fødselsdatoen og mora sitt namn påskrive. Det er likevel uklart kva sjukehus dei døde borna kjem frå.

Eitt av borna var innpakka i ein plastpose med påskrita «sjukehusavfall».

Helsestyresmaktene i Jining har starta etterforsking av det som har skjedd. Zhong Haitao, ein tenestemann i helsedepartementet, seier at ein teori er at dei døde borna er kasta i søppelet, og at dei deretter har hamna i elva.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt