Hopp til innhold

Familien til Obama heier på han frå Kenya

Folk i den vesle landsbyen Kogelo i Kenya, som Barack Obama sin far stammar frå, er spente før valvaka i natt.

Bestemoren til Barack Obama i Kenya snakkar om det foreståande valet.

Bestemor Obama om valet

Kenya Obama Sarah Obama

Sarah Obama møtte den internasjonale pressen i hagen sin i Kogelo.

Foto: Ben Curtis / Ap

– Eg ber for han og for at Gud må hjelpe han, seier den snart 90 år gamle bestemora til Barack Obama i landsbyen Kogelo i Kenya.

Ho møtte pressen til ein improvisert pressekonferanse i hagen sin.

Sarah Obama er den tredje kona til Obama sin bestefar, så det er ikkje blodsband mellom ho og barnebarnet, men Obama kallar ho «Mama Sarah».

– Det er ein hard kamp, så eg ber for han. Om det er hans tur til å vinne igjen, så vil Gud leie han til siger, seier ho på språket Dholuo.

Onkelen til Obama, Said Hussein Obama, seier at heile familien skal vere samla på valkvelden, og at dei kjem til å følgje med helt til resultatet er klart.

(Saka held fram)

Kenya Obama

Bestemora til Barack Obama har fått ei gate kalla opp etter seg.

Foto: TONY KARUMBA / Afp

Storskjerm

Lags vegane i Kogelo står plakatar med påskrifta «Sjå det amerikanske presidentvalet på storskjerm».

Den billigaste billetten kostar 70 kroner, som er kring det ein kenyansk arbeidar tener på ei veke.

Men prisen har ikkje skremt folk frå å koma i kveld.

– Eg kjem til å sjå valet heile kvelden. Det er dyrt, men overkommeleg, seier Mary Manyala Ohito, ein helsearbeidar i området.

Også på skuleplassen ved ein barneskule, som er kalla opp etter Obama, er det sett opp storskjerm. Her får lokalbefolkninga følgje valet gratis.

(Saka held fram)

Kenya Obama

Innbyggjarane i Kogelo «stemmer» på Barack Obama.

Foto: STR / Ap

«Tulleval» og spådomar

To lokale komikarar lagde liv og røre i Kogelo då dei sette opp eit vallokale i landsbyen.

Her kunne innbyggjarane «stemme» på Obama ved å leggje stemmesetlane sine i pappboksane.

Og det var fleire som prøvde å påverke valresultatet.

Utanfor jordhytta si sat heksedokteren John Dimo, som gjennomførte eit eldgamalt ritual, der han spådde utfallet av valet.

Ritualet skal også vere til hjelp for Obama i å vinne valet i år, meiner han.

115-åringen seier han kjente faren til Obama, som vart gravlagt i landsbyen i 1982.

(Saka held fram)

Kenya Obama heksedoktor

John Dimo utfører eit ritual som skal hjelpe Obama med å vinne valet.

Foto: THOMAS MUKOYA / Reuters

Utbetringar

Kogelo ligg kring 60 kilometer frå byen Kisumu vest i Kenya. Landsbyen har fått ein ansiktslyfting sidan Obama vant valet for fire år sidan.

Hovudvegen har fått grovt asfaltdekke og innbyggjarane har elektrisitet og innlagt vatn, samt ein politistasjon.

– Men mykje meir trengst å bli gjort, seier onkel Said Hussein Obama til AFP.

Han drøymer om at landsbyen blir inkludert i rundturar for turistar.

– Folk har lyst til å sjå røtene til presidenten, og det må vere opp til styresmaktene å reklamere for denne regionen. Sidan han [Barack Obama] vart vald, har han sett Kogelo på kartet, seier onkelen.

– Eg trur ikkje desse framstega hadde vore moglege om ikkje Barack hadde vore vald, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt