NRK Meny
Normal

Familie på fire blant dei sakna

Ein fransk-algerisk familie på to vaksne og to små born er blant dei 66 menneska som er sakna frå Egyptair-flyet som truleg styrta i Middelhavet i natt.

Pårørende i Kairo

Pårørande samla seg dag på flyplassen i Kairo for å vente på ny informasjon.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

Ordføraren i den franske byen Angers stadfestar at familien er blant dei som truleg har mist livet i flystyrten. Det yngste barnet var berre fire månader gammal.

Leiteaksjon etter sakna fly.

Eit egyptisk marinefartøy deltek i søket etter det sakna passasjerflyet i Middelhavet.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Faren i familien var frukt- og grønnsakhandlar. Ein kamerat av han snakka i kveld med radiostasjonen RTC.

– Skulle på ferie

– Vi har kjent kvarandre heile sidan vi gjekk saman på skulen. Han var som ein bror for meg. Han jobba heile tida, og no skulle han på ferie for å slappe av litt, seier kameraten.

Ordføraren i Angers, Christophe Béchu, seier at familien var sjarmerande menneske. Han seier at familien på fire ikkje er stadfesta omkomne, men at det ikkje er tvil om at dei var om bord i flyet.

– Tankane mine går til familien og andre som stod dei nær. Alle i Angers ynskjer å få vite alt som kan kaste lys over dette dramaet, seier han til ei lokalavis.

I bydelen Roseraie i Angers, der familien på fire budde, vart det i kveld halde ei vake til minne om dei. Her tenner innbyggjarane lys i gata utanfor huset dei budde i.

France Egypt Plane

Vakthaldet ved Charles de Gaulle-flyplassen vart styrkt utover dagen torsdag.

Foto: Christophe Ena / Ap

Jobbreise til Kairo

Ein annan som var om bord i det sakna flyet er ein 56 år gammal mann frå Watervliet i Belgia. Trebarnsfaren skulle på jobbreise til den egyptiske hovudstaden Kairo. I kveld heldt kommunestyret i byen eitt minutts stille til åre for han.

– Han har alltid budd her. Heile kommunen sørgjer i solidaritet med familien, seier ordføraren i Watervliet, Franki Van de Moere til avisa 7sur7 .

Egyptiske Akim fortel til den franske radiostasjonen RTL at han eigentleg hadde billett til ulukkesflyet. Han endra billetten i siste liten slik at familien hans i Kairo skulle sleppe å hente han på flyplassen midt på natta.

Han seier han får vondt i magen når han tenkjer på det som har skjedd.

– Eg har hatt verkeleg flaks, seier han, og legg til at han er trist på vegner av dei omkomne og familiane deira.

Ikkje spor etter flyet

Seint torsdag kveld er det enno ikkje funne spor etter det sakna passasjerflyet frå Egyptair i Middelhavet. Det blir leitt frå både med båtar og fly , og tidlegare i dag vart det meldt at det var funne vrakdelar i området.

Seinare vart det slått fast at funnet ikkje kunne knytast til det sakna Flight MS 804.

Dei fleste ekspertar reknar med at flyet har styrta som følgje av ei terrorhandling, og mange meiner det kan ha vore ei bombe om bord . Dei tilsette ved flyplassen i Paris er avhøyrde av politiet .

Nøkkelspørsmål rundt det styrtede Egyptair flyet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt