Familiane tok farvel med dødsdømde i Indonesia

Familiane til dei to australske fangane som skal avrettast i Indonesia, tok farvel med dei dødsdømde i dag, tysdag. Mor til den eine narkodømde mannen seier at han skal skytast ved midnatt lokal tid.

Klargjør kors for dødsdømte i Indonesia

Ambulansebilar kom med tomme, kvite kister til høgtryggleiksfengselet Nusakambangan, med namna til dei dødsdømde på.

Andrew Chan og Myuran Sukumaran vart arresterte på øya Bali i 2005 og har sidan dei vart dømde for narkosmugling, sete på dødscelle.

Indonesiske styresmakter vil ikkje stadfeste når australiarane og sju andre dødsdømde fangar skal avrettast, men mykje tyder på at det vil skje i løpet av dei første timane inn i onsdagen, lokal tid, klokka 19 norsk tid.

Ambulansar kom med kister med namna på

– Dei skal ta han med seg ved midnatt, og skyte han. Eg ber regjeringa: Ver så snill, ikkje drep han i dag, sa Raji Sukumaran etter å ha besøkt sonen Myuran for siste gong.

Tysdag kunne nokre av familiemedlemane sjå ambulansebilar som kom med tomme, kvite kister til høgtryggleiksfengselet Nusakambangan. Dessutan har australske medium publisert bilete av korsa som angiveleg skal brukast på kistene.

På korsa stod det "29.04.2015", altså datoen i morgon, onsdag.

Tårevått farvel

Det var triste scener då dei to australske fangane tok avskil med sine kjære i dag. Fleire av Sukumaran sine familiemedlemmar ropte «nåde» idet dei gjekk inn tilbake mot hamna. Søstera ropte ut namnet til broren før ho kollapsa inn i armane på dei andre, som måtte bere henne.

Dei andre dødsdømde kjem frå Brasil, Filippinane og Nigeria, samt ein frå Indonesia.

Slektningane til den filippinske fangen Mary Jane Veloso kom også for eit siste besøk til fengselet i dag. Dei fekk ei siste velsigning frå pastor Harold Toledano.

– Familien var så stille. Det er verkeleg veldig trist. Vi ser ei djup smerte, sa pastoren.

Saka held fram under biletet.

Andrew Chan og Myuran Sukumaran er dømt til døden i Indonesia

Andrew Chan og Myuran Sukumaran er dømt til døden i Indonesia

Foto: JEWEL SAMAD / Afp

Nekta utsetting

Trass gjentekne krav frå ulike nasjonar om at indonesiarane skal spare fangane sine, har statsadvokaten i landet stadfesta at alle ni skal avrettast denne veka.

– Eg kan stadfeste at avrettingane skjer denne veka. Vi vil ikkje kunngjere den nøyaktige datoen, for sist gong vi gjorde det, vart det kaos, sa ein talsmann for statsadvokaten tysdag.

Vart nekta andeleg rådgjeving

Dødsdømde personar i Indonesia kan krevje andeleg rådgjeving i sine siste timar, men ifølgje australske medium vart førespurnadane til Chan og Sukumaran avviste.

Indonesiarane verker fast bestemte på å få avrettingane gjort, sjølv om både generalsekretær i FN, Ban Ki-moon og ei rekkje land har fordømt dei.

Så seint som måndag kravde utanriksministeren i Australia, Julie Bishop at indonesiske styresmakter burde utsetje avrettingane fram til at ferske korrupsjonsskuldingar er etterforska. Heller ikkje ho vart høyrt.

SISTE NYTT

Siste nytt